home.social

#raudt — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #raudt, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Ny meiningsmåling i Trøndelag.

    Dei fleste partia ligg an til å gjera det ganske likt som før. Høgre, og kanskje spesielt Senterpartiet får litt juling, men elles er det først og fremst "Andre" og Industri- og næringspartiet som kollapsar her.

    Den verkeleg dramatiske endringa, ser ut til å vera på ytterkantane. Framstegspartiet ligg an til å auke frå 4 til 10 mandat. Ein kan tru kva ein vil, men Framstegspartiet har aldri vore spesielt sterke her i fylket.

    Også Raudt ser ut til å kunne gjera det godt neste år. Valet i 2023 gjekk ikkje vegen, og partiet gjekk frå 3 til 2 representantar. Med den siste målinga kan det sjå ut som at vi går frå 2 til 5 representantar.

    Resultatet blir nok eit meir delt fylkesting med skarpare frontar. Eg trur dessverre fleirtalet blir blått, mykje fordi Senterpartiet i norddelen av fylket nærmast er høgrefolk med Felleskjøpet-dress.

    #trøndelag #fylkestingsval #meiningsmåling #norskpolitikk #raudt #framstegspartiet #senterpartiet

  2. Var det fleire som såg partileiardebatten på NRK i kveld?

    Hvad tycks?

    Sjølv synst eg det var fint å sjå at Vedum var såpass klar på at #Senterpartiet ikkje var einig med #Høgre og #Framstegspartiet i skattelutta deira til dei rikaste.

    Men eg er IKKJE spesielt imponert over Støre i debatten mot #Raudt om datasenter. Han vrei konsekvent diskusjonen til å handle om kraftproduksjon, og ikkje om datasenterpolitikk.

    #norskpolitikk #norsktut #arendalsuka #debattenNRK

  3. Spennande forslag frå MDG her. Det er openbert at Noregspris ikkje fungerer spesielt bra, og dessutan er himla dyrt for staten.

    Derfor lanserer MDG ei alternativ ordning. Den går ut på at alle hushaldningar skal få 1000 kroner avslag på straumrekninga kvar månad i vinterhalvåret.

    Greit nok, og meir treffsikkert enn Noregspris.

    MEN:

    Dette skal gjelde i dei prisområda der straumprisen har vore høgast dei siste åra, nemleg NO1, NO2 og NO5.

    Korfor i alle dagar skal ikkje det her gjelde for oss i Midt-Noreg? Eg teikna Noregspris i januar. Sidan da har døgnprisen ligge over nivået for Noregspris alle døgn, utanom kanskje 10. Stort sett har prisen ligge på rundt 1 krone per kwt. Eg har altså spara mange tusen kroner på Noregspris, og innetemperaturen til meg ligg ikkje over 20 gradar, altså (og eg fyrer med vedomn gjennom vinteren).

    Eg har inga tru på at straumprisane kjem til å gå ned til "normale" nivå for oss heller. Med dei nye overføringskablane ned mot Vestlandet, er vi i Midt-Noreg garantert å importere prisnivået derfrå (som igjen har importert det frå utlandet).

    Nei, eg synst framleis Raudt sitt forslag er betre: Makspris på 35 øre per kwt., og ikkje at staten skal dekke mellomlegget til produsentane. Dette er det mogleg å kombinere med eit toprissystem, som nettopp skil normalt forbruk frå luksus.

    #straumpriskrisa #noregspris #mdg #raudt #norsktut #norskpolitikk
    MDG krev omkamp om noregspris – vil kutte 10 milliardar

  4. Da #Raudt sin representant i skattekommisjonen trekte seg, vart eg først litt skeptisk. Bør ein ikkje så langt som mogleg bidra til eit ålreit kompromiss?

    Om lekkasjane her stemmer er det verre enn eg frykta. Mykje verre. Korfor skal ein vinne eit val mot #Høgre og #Framstegspartiet om ein uansett har tenkt til å føre politikken deira i regjering?

    Her håper eg Jonas Gahr Støre heller lyttar til arbeidarrørsla enn til milliardærane.

    #norsktut #norskpolitikk

    nrk.no/norge/kilder-til-nrk_-o

  5. Berre #SV, #Raudt og #MDG røysta for å ta inn forbod mot stomvåpen i grunnlova.

    #Høgre, #KrF, #Arbeidarpartiet og #Framstegspartiet er ganske ærlege på at dei ikkje vil ha eit forbod.

    Spørsmålet er: kva har eigentleg skjedd med #Venstre og #Senterpartiet?

    #norsktut #norskpolitikk #atomvåpen #fred
    Stortinget sier nei til atomvåpenforbud: – Veldig trist

  6. Det er spennande å sjå kor godt #Raudt har gjort det dei siste månadene. Ikkje sidan perioden før Russland sin krig mot Ukraina har partiet hatt så sterke målingar over tid.

    Det er fleire ting som er verdt å merke seg her:

    1) Partiet har ikkje tapt oppslutning på å framstå som den mest samarbeidsvillige aktøren på det raudgrøne laget.

    2) Partiet gjer det spesielt godt i grupper som partia på den radikale venstresida ikkje har vore sterke i på 50 år, nemleg dei som ifølgje valforskaren Johannes Bergh står "lavest på rangstigen". Det dreier seg om både om tradisjonelle industriarbeidarar i distriktskommunar, men ikkje minst om ufaglærte og dei som jobbar på golvet i helsesektoren, samt dei som mottar trygd. Raudt treff altså ein del grupper som har ei viss likskap med dei som ofte røyster på Framstegspartiet.

    3) Partiet viser at den radikale venstresida har mykje å tene på å spisse profilen sin. I mange år var det typisk at liknande parti, inkludert Raudt sjølv, heile tida skulle meine like mykje (og sterkt) om absolutt alt. Ein greidde aldri å prioritere, så for veljarane vart det eit inntrykk av at ein sjølv også måtte "meine noko om alt" for å kunne røyste på dei. Sånn er det ikkje lenger.

    4) Raudt har greidd å byggje opp ein sterk organisasjon kor lokallaga har meir makt enn det som er vanleg i andre parti. Absolutt alle lokallag har forslagsrett og representasjonsrett på landsmøte i partiet. Den "utsilinga" ein ser i andre parti, er mindre til stades i Raudt. "Grasrota" har derfor mykje makt.

    5) Partiet har fleire tillits- og folkevalte som er respekterte langt utover partiet sjølv. Der kor dei færraste no greier å nemne særleg mange representantar frå SV, er fleire av Raudt sine stortingsrepresentantar som har vorte sjølvsagte autoritetar på sine felt. Eg trur det her har vore avgjerande for at partiet no jamnt over er nærmast dobbelt så store som SV.

    Da eg vart med i Raudt i 2011, var det så vidt over 1500 medlemmar. Om ein gjekk på eit møte i Trondheim (kor eg budde), møtte ein dei same folka som var på møte førre gong. Dei same folka møtte også når det var fylkesårsmøte. Det var stor jubel da ein omsider fekk eit nytt lag utanfor storbyen. I dag er partiet representert i eit tosifra kommunar her i storfylket Trøndelag, med tilhøyrande lokallag med jamn aktivitet. På landsbasis er det over 15 000 medlemmar, eit tal som framleis aukar jamnt og trutt.

    Det her tyder altså at partiet er heilt annleis enn da eg vart med. Den gongen var vi gjerne enten unge radikalarar, progressive intellektuelle, eller folk med fortid i ML-rørsla. I dag møter ein eit langt meir representativt utval av "det store arbeidande folket" i Noreg, for å låne eit Gerhardsen-omgrep.

    Openbert fører det her med seg vaksesmerter. Det blir gnisningar og rørsle når så mange nye medlemmar kjem inn og møter det som no er eit mindretal som i årevis har vore vant med å vera i eit bittelite og yttarleggåande parti. Likevel synst eg partiet har greidd å halde på sjela si, og framleis har eit godt og radikalt program basert på den norske røyndomen. Eg trur dessutan at det er mogleg at Raudt, SV og Miljøpartiet dei grøne kan spele kvarandre gode, og ikkje vegetere på kvarandre, slik mange har vore redde for. Eg meiner dessutan oppriktig at Raudt står i ein langt betre posisjon til å stele veljarar frå Framstegspartiet enn dei to andre partia der. Det er veldig synd at så mange ålreite folk i den norske arbeidarklassen no trur tilhøva i landet blir betre med gjengen der ved rattet.

    #norsktut #norskpolitikk #sosialisme #politikk #allheimen #arbeidarrørsla #venstresida
    Velgerne strømmer til Rødt: – Når ut til hele landet

  7. Det blir installert færre og færre solcellepanel på norske hustak. Energiministeren meiner Norgespris ikkje har skulda fordi nedgangen starta før innføringa av ordninga.

    Det er nok riktig. Men også den "vanlege" straumstøtteordninga var jo ein form for subsidiering som gjorde at mange av oss slapp unna dei verste toppane.

    Eg synst billeg straum er bra, og skulle gjerne ha sett at vi hadde makspris på 35 øre, slik mellom anna #Raudt går inn for. Eg trur ein må tenke annleis for å få fart på etableringa av solcellepanel, til dømes gjennom skattefrådrag eller direkte pengestøtte gjennom Enova og liknande. DET hadde vore framtidsretta bruk av oljepengar.

    #energi #norsktut #solkraft #norgespris #miljø
    Slike tak er det nesten ingen som vil ha lenger

  8. Færre tillitsvalte kjenner på tilhøyrsle til #Arbeidarpartiet enn tidlegare.

    Det interessante er at det same gjeld for #Framstegspartiet sjølv om dei er så sterke på meiningsmålingane.

    #Raudt og #SV gjer det derimot betre enn før.

    #fagrørsla #arbeidarrørsla #norsktut

    frifagbevegelse.no/loaktuelt/f

  9. Takk og lov for at Trump stort sett berre har det i kjeften. I går truga han med å utrydde sivilisasjonar. I dag gjekk han med på ei våpenkvile. Mykje tyder på at Iran for gjennomslag for fleire av hovudkrava sine.

    Våpenkvila er skjør, og skal berre vare i to veker, men om ho varer er det openbert ein knusande strategisk siger for #Iran.

    NB: det er framleis berre #Raudt og #SV som ikkje støttar amerikanske basar i Noreg.

    #internasjonalpolitikk #norsktut #trump

  10. Det her er ille. Politiet i Tyrkia driv altså med kampanjar for trakassering av folk som driv med solidaritetsarbeid med Kurdistan i andre land, inkludert Noreg. Og norsk Politi lar seg altså lure med.

    #Kurdistan #Tyrkia #Raudt

    vg.no/nyheter/i/V6R0p1/norsk-p

  11. @Brit_Stokke Ja, dessverre. Heldigvis stod Ap solid opp for sjukelønna på Debatten i går, saman med #LO og #Raudt.

  12. #Raudt har fleire gonger stilt forslag om å seie opp baseavtalen med USA. I dag har USA 12 militærbasar på norsk jord, kor amerikansk lov står over norsk. På Stortinget røysta alle parti for avtalen, utanom #SV og Raudt.

    Eg har ikkje så stor tru på dei fleste av dei. Men kan det hende #MDG og #Venstre snur no?

    #norskpolitikk #norsktut #baseavtalen

    stortinget.no/no/Saker-og-publ?

  13. "Faktisk har dei to partia som tydelegast plasserer seg på den politiske venstresida, Raudt og SV, lågare oppslutnad blant norske redaktørar enn blant norske veljarar."

    Nettopp.

    #norsktut #media #venstrevridde #raudt #SV

    ba.no/norske-redaktorar-har-sa

  14. #Raudt vil løyve 15 milliardar ekstra til kommunane våre:

    "Bruke to milliarder på bemanning i barnehagen og SFO

    En krisepakke på 2,3 milliarder øremerket kollektivtransporten

    Bruke 300 millioner kroner på å kutte renten i kommunalbanken med 0,25 prosentpoeng

    Fem milliarder kroner til frie inntekter"

    #norskpolitikk #norsktut #Statsbudsjettet2026

    nettavisen.no/nyheter/vil-pung

  15. Valresultatet i heimbygda mi. Det er artig å sjå at Raudt vart større enn SV, sjølv utan eit lokallag her. Det er eigentleg gjennomgåande for heile Fosen. Ein kan byggje vidare på det her, altså!

    #raudt #fosen #vanvikan #valet2025 #norskpolitikk

  16. Sånn vart resultatet i kommunen min. Mykje er likt som i andre distriktskommunar. Men eg synst det er spesielt kult at #Raudt stig såpass mykje, sjølv utan eit lokallag til å drive valkamp.

    Kanskje det hadde vore ein idé å opprette eit?

    #valet2025 #indrefosen #norskpolitikk

  17. #Raudt har heilt rett. Det er ikkje nok at Støre seier at han er "bekymret" for det som skjer. Det her er grove brot på internasjonal lov, og fullstendig gambling med framtida. Om ein ikkje skal kunna fordømme det her, kva da?

    #norsktut #iran #usa #trump #folkerett

    nrk.no/nyheter/rodt-krever-at-

  18. Bjørnar Moxnes gjorde ein framifrå innsats i Politisk kvarter mot Ine Marie Søreide frå #Høgre. Det er ganske rart at Nato-partia i Noreg tydelegvis ikkje ser eit einaste problem med at dei har gitt USA rett til 12 militærbasar på norsk jord. Berre #Raudt og #SV røysta imot.

  19. 2025 er eit merkeleg år. Vanlegvis er det berre ytre venstre som har advart mot fascisme, imperialisme, og illusjonen om å basere norsk tryggleik på Washington.

    No meiner "alle" det, i alle fall tilsynelatande.

    Stortinget må vise kor dei står. Her har #Raudt fremma eit forslag om å seie opp #baseavtalen med USA. Forrige gong var det berre #SV og Raudt som røysta imot.

    Det her er ein lakmustest, ikkje minst for parti som #MDG og #Venstre.

    #norsktut #norskpolitikk

    stortinget.no/no/Saker-og-publ

  20. Donald Trump har gjort at sjølv norske liberalarar har begynt å sjå kva det amerikanske imperiet faktisk handlar om. Sjølv dei liberale kommentatorane framstår som nyfrelste anti-imperialistar i møte med Trump sine framstøt på Gaza, Grønland og Panama.

    Det er likevel framleis berre #Raudt og #SV som ikkje ønskar amerikanske basar i Noreg. #MDG var imot dør, men har snudd. Eg tek ikkje folk seriøst om dei meiner Trump er "fascist, men støttar basane.


    #norsktut

    nettavisen.no/nyheter/rodt-vil

  21. Både #SV , #Raudt og #Senterpartiet er klare: det er Ap som legg opp til regjeringskrise her. Vil Støre verkeleg velje #EU over raudgrønt samarbeid? Merk også at #Fellesforbundet er imot energipakka.

    klassekampen.no/utgave/2025-01

  22. Eg er glad for å vera LO-medlem når alle dei andre faglege hovudorganisasjonane går med på å setja sjukelønna i spel. Alle forstår jo kva føremålet er. Mímir er klokkeklar.

    Den norske sjukelønna har tent arbeidsfolk godt sidan ho vart universell i 1978. Sidan har fråværet vore ganske stabilt. Heile poenget er at ein skal ha råd til å vera heime om ein er sjuk.

    Det er sivilisasjon.

    #norsktut #LO #sjukelønna #Raudt #IA-avtalen

Share on Mastodon

Enter the server where you have an account.