home.social

#norskpolitikk — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #norskpolitikk, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Norges Fredslag kritiserer forslaget om å la Oljefondet investere i produksjon av atomvåpen.

    All bruk av atomvåpen er per definisjon i strid med folkeretten.

    Eg registrerer også at Unge Høgre er ute i dagens #Klassekampen og kjeftar på Oslo Ap for at dei også er kritiske til atomvåpen.

    #atomvåpen #fredslaget #norskpolitikk

    norgesfredslag.no/nyheter/norg

  2. Jorunn Folkvord har skrive ei bok om pensjon. Eg trur ho vil stadfeste inntrykket mitt av at det kollektive pensjonssystemet er øydelagt og privatisert.

    "Reformen har gitt oss et system der noen vil få det mye bedre, og det er de som allerede har det godt. De som kastes under bussen, er de som har de tyngste jobbene og laveste inntektene. De vil få alderspensjon fra folketrygda godt under dagens minstepensjon."

    #pensjon #norskpolitikk #norsktut

    klassekampen.no/artikkel/2026-

  3. Senterpartiet var langt til venstre for Arbeidarpartiet på Debatten i går. Hos statssekretæren var det ikkje ein gong spor av arbeidarrørsla sine tradisjonar. Vedum framstod derimot som ein sosialdemokrat frå 1960-talet.

    Eg forstår ikkje kva regjeringa held på med.

    #arbeidarpartiet #senterpartiet #leiarlønningar #norskpolitikk

    nrk.no/artikkel/tjener-million

  4. Det er interessant å sjå korleis Senterpartiet kritiserer budsjettet frå Ap-regjeringa frå venstre.

    Med regjeringens forslag vil de med over 1,2 millioner kroner i årslønn få et skattelette på 3200 kroner i snitt i året. De med en lønn på 500.000 kroner får på sin side 1000 kroner mindre å betale i skatt.

    Eg kan ikkje forstå anna enn at Arbeidarpartiet her prøver å nå dei vidgjetne "lillaveljarane", altså den veljargruppa som gjerne vekslar mellom å røyste på Ap og Høgre ved val. Eg trur den strategien er giftig for eit raudgrønt prosjekt som har fått fleirtal gjennom å love utjamning og trygging av fellesskapsbaserte velferdsordningar.

    Framlegget til statsbudsjett er stusslege greier, og det er spesielt irriterande at regjeringa vil ha omkamp om nesten alle sigrane til støttepartia frå i fjor.Arbeidarpartiet styrer som om dei framleis har reint fleirtal på Stortinget. Det har dei altså ikkje. Landets mest arrogante parti har aldri heilt forstått korleis ein skal samarbeide og organisere lagoppstilling på raudgrøn side.

    #Arbeidarpartiet #norskpolitikk #norsktut #Senterpartiet #statsbudsjettet2027 #skatt #allheimen
    Sp-lederen: Det er naboene til Støre og Stoltenberg som tjener på Aps skattelette

  5. Eg er ikkje prinsipielt imot lågare inntektsskatt.

    Problemet er at det jamnt over kjem meir til dei som har god lønn, og er derfor ikkje spesielt god fordelingspolitikk.

    Samstundes er alle skattekutta her pengar som kunne ha gått til heilt naudsynte velferdstiltak, eller offentleg infrastruktur. Kommuneøkonomien er i bunnlaus krise.

    Min kommune har ikkje ein gong råd til å heise flagget på offentlege flaggdagar..

    Henta frå @rokje

    #statsbudsjettet2027 #norskpolitikk #skatt #norsktut

  6. Regjeringa legg fram forslag til nytt statsbudsjett. Det er triste greier.

    Vi kan vente oss:

    - Dyrare straum
    - Dyrare elbil
    - Dyrare barnehage
    - Lågare barnetrygd

    ....og litt lågare inntektsskatt da, som sjølvsagt treff dei som har høg inntekt mest.

    #regjeringa #statsbudsjettet2027 #norskpolitikk #norsktut

    nrk.no/artikkel/dette-betyr-st

  7. 1. Oktober er like rundt hjørnet! Bli med å demonstrer mot virkelighetens Sauron!

    Palantir er en trussel mot vårt demokrati. Derfor demonstrer vi sammen med @attacnorge 1. oktober fra 15:30 til 16:30 på Tollbugata 1.

    attac.no/arrangement/global-ak

    #palantir #norskpolitikk #digitalerettigheter #allheimen #norsktut

  8. Kvart 4. forslag frå #SV det siste året er truleg KI-kloakk. Det gjeld også forslaga deira om å regulere kunstig intelligens.

    Når sjølv sosialistane ikkje greier å skrive lenger, er det berre å gi opp.

    #KI #norskpolitikk #KIkloakk #stortinget #norsktut

  9. Norge er det forbudt å åpne og lese andre sine brev uten deres samtykke. Chatkontroll åpner opp for at de mest sårbare i vårt samfunn får sine private meldinger flagget og åpnet av ansiktløse fremmede i EU. Dette gjelder uavhengig om personen er 5 eller 90. EFN sier tydlig NEI til #chatcontrol

    #allheimen #Norsktut #norskpolitikk #digitalerettigheter

  10. Den nye samferdselsministeren er klar i talen sin: EØS-avtalen gjer at regjeringa droppar å stoppe privatiseringa av jernbanen.

    Total kapitulasjon på vegne av folkestyret her, altså.

    Ho innrømmer rett nok at det i teorien er mogleg, men at det vil krevja å "omorganisere hele jernbanesektoren".

    Gud forby!

    EU og spekulantane vann runden her, i alle fall.

    #EØS #Arbeidarpartiet #jernbane #EU #norskpolitikk #norsktut

    klassekampen.no/artikkel/2026-

  11. Ny meiningsmåling i Trøndelag.

    Dei fleste partia ligg an til å gjera det ganske likt som før. Høgre, og kanskje spesielt Senterpartiet får litt juling, men elles er det først og fremst "Andre" og Industri- og næringspartiet som kollapsar her.

    Den verkeleg dramatiske endringa, ser ut til å vera på ytterkantane. Framstegspartiet ligg an til å auke frå 4 til 10 mandat. Ein kan tru kva ein vil, men Framstegspartiet har aldri vore spesielt sterke her i fylket.

    Også Raudt ser ut til å kunne gjera det godt neste år. Valet i 2023 gjekk ikkje vegen, og partiet gjekk frå 3 til 2 representantar. Med den siste målinga kan det sjå ut som at vi går frå 2 til 5 representantar.

    Resultatet blir nok eit meir delt fylkesting med skarpare frontar. Eg trur dessverre fleirtalet blir blått, mykje fordi Senterpartiet i norddelen av fylket nærmast er høgrefolk med Felleskjøpet-dress.

    #trøndelag #fylkestingsval #meiningsmåling #norskpolitikk #raudt #framstegspartiet #senterpartiet

  12. I tillegg til at det er greit at Karianne Tung og Andreas Bjelland går ut, så kommer altså Kamzy Gunaratnam inn som samferdselsminister.

    Kamzy, som gjorde at jeg nesten stemte på AP.

    Nesten. Og bare i Oslo. Fordi Kamzy 🤩.

    (Og så litt sånn spent håp for nye digitaliseringsministeren - virker som om han har litt mellom øra!)

    #norskpolitikk #regjeringen #norskpol

  13. I dag er det 25 år sidan USA og felagane deira gjekk til krig mot Afghanistan.

    For 10 år sidan skreiv eg denne artikkelen, kor eg gjorde eit forsøk på å kritisere det folkerettslege grunnlaget for krigen.

    Slik konkluderte eg:

    Én ting er det å vedkjenne at krigen har gått galt, og at man ikke har nådd målene en satte seg. Det er også viktig å få fram at krigen var prega av ulovlighet allerede fra første stund. Man valgte vold framfor forhandlinger. Man valgte krig framfor sivile metoder. Man valgte amerikansk alenegang framfor FN, og man valgte tortur og drap på sivile framfor fred og forsoning. Dette var ingen «snill krig» med gode intensjoner, som ble «dårlig gjennomført». Dette var en forbrytersk krig fra første øyeblikk, akkurat slik tidligere kriger for global dominans og hegemoni. Det er slik krigen bør, og antakeligvis vil, bli husket.

    Eg trur kanskje eg var litt for optimistisk på vegne av det historiske minnet til folk. I dag er krigen nærmast tabu å tale om, og det har vorte vanlegare å tale om at det var eit "svik" å trekke seg ut av krigen med halen mellom beina, slik Trump og Biden til slutt gjorde.

    Om ein skal tale om "svik" her, skjedde det lenge før uttrekkinga i 2021. Det verkelege "sviket" var tanken som USA/Nato arva frå Sovjetunionen, om at ein kan forme Afghanistan i sitt bilete så lenge ein berre drep nok folk der.

    #afghanistan #norsktut #norskpolitikk #internasjonalpolitikk #folkerett #krigenmotterror #allheimen #krigogfred
    Afghanistan 15 år seinere – på tide å felle dom

  14. Ketil Raknes skriv godt om korfor høgrepopulismen har så gode kår for tida.

    Kort fortald: fleire og fleire i Vesten kjenner seg som taparar.

    Eg synst Raknes er litt for varsam i analysen sin. Det er ikkje berre i Vesten folk kjenner det sånn.

    #høgrepopulisme #norskpolitikk

    aftenposten.no/meninger/kronik

  15. Min gode kamerat, Aslak Storaker, som eg kjenner både gjennom Raudt og fredsrørsla, har skrive ein lengre artikkel om Noreg si deltaking i Libyakrigen i 2011.

    I dag er det få, om noen, som vil argumentere for at bombinga av Libya førte til positive konsekvenser for verken libyerne, regionen eller internasjonale relasjoner. Men i 2011 var det med unntak av fredsbevegelsen, den utenomparlamentariske venstresida og SV-utbryteren Hallgeir Langeland nær sagt samstemmighet blant norske stortingspartier, organisasjoner og medier i Norge om at denne krigen var god, riktig og nødvendig. Det er ikke tilfeldig at Terje Tvedts kritiske dokumentar om den norske deltagelsen fikk tittelen «De gode bombene». En slags mellomposisjon blei inntatt av Rødt og Klassekampen, som gikk mot bombinga men ønska at Norge skulle støtte opprørerne med våpenforsendelser. Klassekampen hylla også Tripolis fall som en «frigjøring» på lederplass.

    Det er ganske trist lesing, men viser tydeleg det sterke dilemmaet som preger norsk utanrikspolitikk. På den eine sida vil ein vera ein "fredsnasjon" som meklar i konfliktar rundt om i verda; på den andre sida vil ein vera ein sterk alliert i Nato.

    I Libya prøvde ein lenge å ri begge hestane, men da USA, Frankrike og Storbritannia stilte seg på bakbeina, slutta vi rekkene med resten av Nato.

    Noreg slapp 588 bombar i Libya, og berre 25 % av måla var godkjent på førehand. Resten var improvisasjon frå pilotane si side.

    Ethvert drap på sivile er ett for mye. Det som for meg framstår som det mest forbryterske med denne krigen er likevel undergravinga av folkeretten, ødeleggelsen av den libyske staten og hvordan krigføringa bidro til og muliggjorde de libyske opprørernes overgrep mot etniske minoriteter i Libya.

    Eg hugsar krigen der godt. Læraren min på vidaregåande var nærmast euforisk over bombinga. "Endeleg handlar verdssamfunnet i lag for å stoppe brotsverk og massakrar", sa han. Som 18-åring hadde eg openbert ikkje så mykje kunnskap sjølv, men eg hugsar at eg tok ordet og stilte meg sterkt kritisk til ein bombekampanje, grunna i ein FN-resolusjon som store land som Russland, Kina, Brasil og India røysta avhaldande til, ville bidra til fred.

    I ettertid har eg møtt læraren og minna han på dette, og han var einig i at han tok feil den gongen. "Men du må hugse Ivar, at eg er eit barn av 1990-talet. Vi trudde faktisk på den liberale internasjonalismen!".

    Her hadde han nok eit poeng. Mi erfaring med dette var prega av at eg vaks opp med "krigen mot terror" i Afghanistan, og den spinnville Irak-krigen. Mine røynsler med vestleg militærmakt var kaos og øydelegging, ikkje demokrati og menneskerettar.

    Aslak har mykje dei same minna:

    For meg blei Libya-krigen en skjellsettende erfaring om den norske utenrikspolitiske eliten slett ikke alltid forstår hva de driver med, og at sjøl om alle partiene og mediene virker skråsikre på at våpen er veien til fred, er det minst like sannsynlig at våpnene i virkeligheten bare er veien til død, kaos og ødeleggelse.


    #Libya #norskpolitikk #internasjonalpolitikk #norsktut #fred #krig #Nato #folkerett
    Da Norge gikk til krig mot Libya

  16. Var det fleire som såg partileiardebatten på NRK i kveld?

    Hvad tycks?

    Sjølv synst eg det var fint å sjå at Vedum var såpass klar på at #Senterpartiet ikkje var einig med #Høgre og #Framstegspartiet i skattelutta deira til dei rikaste.

    Men eg er IKKJE spesielt imponert over Støre i debatten mot #Raudt om datasenter. Han vrei konsekvent diskusjonen til å handle om kraftproduksjon, og ikkje om datasenterpolitikk.

    #norskpolitikk #norsktut #arendalsuka #debattenNRK

  17. Ny meiningsmåling om korleis nordmenn stiller seg til bygging av datasenter i Noreg.

    Det som overraska meg mest, er at fleirtalet er større blant menn (51 %) enn hos kvinner (38 %).

    Illustrasjonen er henta frå #Klassekampen.

    #norsktut #norskpolitikk #datasenter #energi

  18. Syklistforeninga sitt arbeid dei komande åra vil vere å få på plass ein nasjonal sykkelstrategi etter den som gjekk ut i 2023: syklistforeningen.no/politisk- #SykkelTut #NorskTut #NorskPolitikk

  19. Det er ein tragedie at #Høgre er meir restriktive i møte med datasenterutbygging enn det #Arbeidarpartiet er.

    #norskpolitikk

  20. Mindre treffsikkert?

    Systemet er fullstendig verdilaust, akkurat slik fleire av læraplanene har vorte.

    Løysninga er å innføre langt tydelegare krav til kunnskap i læreplanane, og meir straumlinjeforma vurderingspraksisar som reflekterer at målet er eit sams kunnskapsgrunnlag, både etter grunnskolen og etter studieførebuande på vidaregåande.

    Poenget med eksamen har aldri vore at ein skal teste kor god ein er på langsiktig prosjektarbeid. Poenget har vore å måle kva ein har lært i faget. Om vera avhengig av ein språkmodell (eller internett) for å vise kva ein kan, er som at ein skulle vera avhengig av å ringe pappa på NTNU for å spørje om hjelp under eksamen for 30 år sidan. Er du avhengig av det, manglar du ganske enkelt dugleiken det er meininga du skulle ha tileigna deg.

    Spør du meg skulle vi hatt mykje meir tradisjonell eksamen enn vi har i dag.

    #skolepolitikk #norsktut #norskpolitikk #vurdering #eksamen #kunstigIntelligens
    KI har gjort dagens vurderingssystem mindre treffsikkert

  21. Da #Raudt sin representant i skattekommisjonen trekte seg, vart eg først litt skeptisk. Bør ein ikkje så langt som mogleg bidra til eit ålreit kompromiss?

    Om lekkasjane her stemmer er det verre enn eg frykta. Mykje verre. Korfor skal ein vinne eit val mot #Høgre og #Framstegspartiet om ein uansett har tenkt til å føre politikken deira i regjering?

    Her håper eg Jonas Gahr Støre heller lyttar til arbeidarrørsla enn til milliardærane.

    #norsktut #norskpolitikk

    nrk.no/norge/kilder-til-nrk_-o

  22. Jeg kjenner at jeg, som medlem av Venstre, synes det er helt greit at dagens KrF ikke inkluderer dagens Venstre i sin tolkning av «sunn fornuft».

    #norskpol #norskpolitikk #krf #venstre

  23. «Venstre har vel aldri hatt stor respekt for lokal selvråderett,» er ein ganske heftig ting å klare å seie om partiet Johan Sverdrup og Søren Jaabekk danna :P nrk.no/nordland/kaller-nei-til #NorskTut #NorskPolitikk

  24. Noen dager er det 𝘀𝘆𝘀𝘁𝗲𝗺𝗸𝗿𝗶𝘁𝗶𝗸𝗸 og 𝘀𝘁𝗿𝘂𝗸𝘁𝘂𝗿𝗮𝗻𝗮𝗹𝘆𝘀𝗲.
    Andre dager er det bare å sette seg ned med kaffen, se ut av vinduet og huske på at det faktisk går bra.

    HugByte er laget av én person, på østlandet, med for mye kaffe og for mange tabs åpne.
    Ha en god dag. ☀️

    #norskpolitikk #AI #ENK #energipolitikk #digitalisering

  25. No er det ikkje alle som er velsigna med ei forståing for rettssamfunnet, men ein burde nesten få lov til å kunne anta at leiaren av justiskomiteen på Stortinget har det. Pinleg: ba.no/politiet-reagerer-pa-frp #NorskTut #NorskPolitikk

Share on Mastodon

Enter the server where you have an account.