Ny episode i føljetongen "dette må inn i skolen!".
#framstegspartiet — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #framstegspartiet, aggregated by home.social.
-
Ny meiningsmåling i Trøndelag.
Dei fleste partia ligg an til å gjera det ganske likt som før. Høgre, og kanskje spesielt Senterpartiet får litt juling, men elles er det først og fremst "Andre" og Industri- og næringspartiet som kollapsar her.
Den verkeleg dramatiske endringa, ser ut til å vera på ytterkantane. Framstegspartiet ligg an til å auke frå 4 til 10 mandat. Ein kan tru kva ein vil, men Framstegspartiet har aldri vore spesielt sterke her i fylket.
Også Raudt ser ut til å kunne gjera det godt neste år. Valet i 2023 gjekk ikkje vegen, og partiet gjekk frå 3 til 2 representantar. Med den siste målinga kan det sjå ut som at vi går frå 2 til 5 representantar.
Resultatet blir nok eit meir delt fylkesting med skarpare frontar. Eg trur dessverre fleirtalet blir blått, mykje fordi Senterpartiet i norddelen av fylket nærmast er høgrefolk med Felleskjøpet-dress.
#trøndelag #fylkestingsval #meiningsmåling #norskpolitikk #raudt #framstegspartiet #senterpartiet
-
Var det fleire som såg partileiardebatten på NRK i kveld?
Hvad tycks?
Sjølv synst eg det var fint å sjå at Vedum var såpass klar på at #Senterpartiet ikkje var einig med #Høgre og #Framstegspartiet i skattelutta deira til dei rikaste.
Men eg er IKKJE spesielt imponert over Støre i debatten mot #Raudt om datasenter. Han vrei konsekvent diskusjonen til å handle om kraftproduksjon, og ikkje om datasenterpolitikk.
-
Da #Raudt sin representant i skattekommisjonen trekte seg, vart eg først litt skeptisk. Bør ein ikkje så langt som mogleg bidra til eit ålreit kompromiss?
Om lekkasjane her stemmer er det verre enn eg frykta. Mykje verre. Korfor skal ein vinne eit val mot #Høgre og #Framstegspartiet om ein uansett har tenkt til å føre politikken deira i regjering?
Her håper eg Jonas Gahr Støre heller lyttar til arbeidarrørsla enn til milliardærane.
https://www.nrk.no/norge/kilder-til-nrk_-over-50.000-pensjonister-kan-fa-skattesmell-1.17932550
-
Berre #SV, #Raudt og #MDG røysta for å ta inn forbod mot stomvåpen i grunnlova.
#Høgre, #KrF, #Arbeidarpartiet og #Framstegspartiet er ganske ærlege på at dei ikkje vil ha eit forbod.
Spørsmålet er: kva har eigentleg skjedd med #Venstre og #Senterpartiet?
#norsktut #norskpolitikk #atomvåpen #fred
Stortinget sier nei til atomvåpenforbud: – Veldig trist -
Færre tillitsvalte kjenner på tilhøyrsle til #Arbeidarpartiet enn tidlegare.
Det interessante er at det same gjeld for #Framstegspartiet sjølv om dei er så sterke på meiningsmålingane.
#Raudt og #SV gjer det derimot betre enn før.
-
Litt mykje Möllers tran i dag?
#FrP #Framstegspartiet #urfolk #norsktut #norskpolitikk #sametinget #samiskpolitik
-
Sånn oppsummerer han altså resultata av jernbanereformen til Høgre og FrP.
Kva planet bur han på, eigentleg?
-
#Arbeidarpartiet og #Framstegspartiet er ueinige om mykje, men i oljepolitikken er det stort sett detaljar dei kranglar om. Retninga er den same.
I går delte regjeringa dessutan ut 53 (!!) nye leitelisensar. #FrP t kan kjefte så mykje dei vil på det grønne skifte, men dei er nok greit fornøgde med regjeringa sin oljepolitikk.