#fagrorsla — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #fagrorsla, aggregated by home.social.
-
Fagforeininga IF Metall tapte streiken mot Tesla i Sverige.
Det her er eit beinhardt slag mot arbeidslivsmodellen i Skandinavia. Det viser kor krevjande det er å bli ståande (så å seie) aleine i møte med ein av dei sterkaste kohortane i internasjonal storkapital.
-
LO i Trondheim deltok i demonstrasjon mot "MAGA-cruiseskipet" som dukka opp på hamna i Trondheim.
"– Vi er her for en fredelig demonstrasjon for å vise at holdninger knyttet til Maga-bevegelsen ikke er noe vi vil ha i Norge, forteller Vegard Tillerflaten i LO."
#fagrørsla #LO #maga #norsktut
https://www.nrk.no/trondelag/_maga-cruiseskip_-i-trondheim-_-mott-av-demonstranter-1.17920993
-
Svenske arbeidarar organisert i IF-metall streikar no på tredje året imot Tesla og Elon Musk
Norske hovudstraumsmedia bryr seg visst berre om Musk som eit "geni" og "innovatør", sjølv om dei riktig nok slepp til nokre skeptiske røyster som dristar seg til å så litt tvil om alle ambisjonane.
Men kor er fagforeiningaknusaren Musk i fortelijnga her?
-
Gratulerer til dei streikande! Det her viser korfor fagforeiningar er heilt avgjerande for eit sivilisert arbeidsliv.
-
Færre tillitsvalte kjenner på tilhøyrsle til #Arbeidarpartiet enn tidlegare.
Det interessante er at det same gjeld for #Framstegspartiet sjølv om dei er så sterke på meiningsmålingane.
#Raudt og #SV gjer det derimot betre enn før.
-
Kari Kristensen har skrive ein flott hyllest til arbeidsfolk i utelivsbransjen. Mange av dei står no i streik for tryggleik under sjukdom, og høgare lønn.
God første mai, folkens!
#arbeidarrørsla #1mai #norsktut #sosialisme #fagrørsla #streik
https://www.dagsavisen.no/kommentar/til-mine-4000-helter/10324841
-
Denne episoden hos "Mímir og Marsdal" har ei historie som eigentleg fortel det meste ein treng å vita om korfor det er viktig å vera fagorganisert.
#fagrørsla #fellesforbundet #mimirogmarsdal #norsktut
https://omny.fm/shows/m-mir-marsdal/mcklassekamp-i-v-r-tid-morten-sandanger-m-m-135
-
Her er #LO fullstendig ute og syklar. Kva held dei på med? Eg er einig med Skolenes Landsforbund i at lærarnorma i seg sjølv ikkje treng å vera hogd i stein, men ein eller annan maksgrense for kor mange elevar ein kan ha i kvar klasse er viktig.
I dag ligg ansvaret for å oppfylle lærarnorma på kvar enkelt skole. Det trur eg er ein mykje betre løysning enn å overlate ansvaret til kommunar som i praksis berre må forvalte kutt.
-
Fagforeiningar og profesjonsforbund er ikkje det same. Førstnemnde er bygd på ein tanke om at lønnstakarar har grunnleggjande same interesser, Sistnemnde er bygd på idéen om at nokre profesjonar er mykje viktigare enn andre på same arbeidsplass og bransje.
Mykje av suksessen med Noreg er at det er den første tanken som har vore mest definerande. Det er grunnen til at ein "låglønna" nordmann tener langt betre enn ein låglønna amerikanar i same yrke.
-
Kåre Pedersen, tillitsvalt på Tine Heimdal, fortel om røynslene arbeidsplassen hans hadde med 6-timars arbeidsdag.
Enormt inspirerande. Dei auka produktiviteten med 30 prosent, og halverte nesten sjukefråværet. Dei tilsette var svært fornøgde.
Det er synd å høyre at den nye leiinga gjekk tilbake på det. Arbeidarane fekk 13 år med ordninga, frå 2007 til 2020. Så var det slutt.
#tine #sekstimarsdag #fagrørsla #arbeidarrørsla #trondheimskonferansen
-
Leiaren i Handel og Kontor held tale for over 600 folk på #Trondheimskonferansen.
-
Kva røysta LO-medlemmane i år? Her kjem svaret. Klart raudgrønt fleirtal.
-
Budsjettsemja ligg an til å flytte noko mellom 12 og 15 milliardar kroner i eit statsbudsjett som er nærmare 2000 milliardar kroner.
Til samanlikning flytta ein rundt på godt over 100 milliardar kroner i forrige hovudoppgjer mellom fagrørsla og arbeidsgjevarforeiningane.
Hugs dette neste gong ein eller annan gjøk spør dokker korfor hen skal vera fagorganisert.
-
RE: https://oslo.town/@hjelmen/115615051848594589
Sånn skal det gjerast! Gud, eg er glad eg er i #NTL!
-
Her er eg faktisk litt usikker på kva eg meiner. Har ein råd til å gi litt skattekutt til arbeidsfolk, så er eg ikkje imot det utan vidare. Men er det eigentleg der det brenn på dass for tida?
Kva synst dokker om skattekuttforslaga på venstresida?
#norskpolitikk #LO #fagrørsla #statsbudsjettet2026 #norsktut #venstresida
https://www.dagsavisen.no/nyheter/lo-refser-rodgronne-skattekutt/10052394?
-
Tala her er verdt å merke seg for oss som er organiserte. Her ser ein mellom anna korfor skattefrådraget på fagforeiningskontingent er så viktig.
(Elles er det litt forstemmande å sjå kor mange som synst det er heilt greit å vera gratispassasjerar)
#fagrørsla #LO-aktuelt #arbeidarrørsla #organisering #norsktut
-
Bur du i nærleiken av Trondheim og har lyst til å vera med på eit dagsseminar om arbeidarrørsla? Da har du eit godt høve her!
-
Wolt og Foodora er visst gjennomsyra av rein mafiaverksemd.Det er ikkje så rart. Heile forretningsmodellen i bransjen er nettopp at ein ikkje skal ha tilsette, og dermed heller ikkje reelt arbeidsgjevaransvar. Da er vi tilbake til arbeidslivet før 1880-talet.
Kva er løysninga? At boda organiserer seg og krevjar både tariffavtale og fast tilsetting, og at vi andre støttar dei når det kjem til streik.
-
Dei lokale LO-leiarane seier mykje klokt her. Pengestøtte til politiske parti er eigentleg ein uting, og det bør vera eit tak på kor mykje ein kan gi.
Men enno meir interessant: LO kan heller nytte ressursane på å drive EIGEN valkamp gjennom å drive agitasjon for kva medlemmane deira har bestemt at dei skal meine, samt korleis partia stiller seg til det.
Det er ein mykje meir fornuftig veg enn å kaste pengar på partia.
#LO #valet2025 #fagrørsla #norskpolitikk
https://klassekampen.no/utgave/2025-08-15/mener-lo-vil-tale-pengekutt
-
Det her er faktisk mykje viktigare enn kva slags politikarar som styrer landet. Om dei organiserte motkreftene er sterke, kan ein bremse mørkeblå høgreregjeringar. Ein progressiv venstreregjering får ikkje gjort mykje med sosial ulikskap om fagrørsla er svak.
Derfor: organisér deg!
-
LO sitt skoleforbund, Skolenes Landsforbund, har laga ei oversikt over korleis dei politiske partia stiller seg til skolepolitikk i år. Vurderinga liknar på dei som har vore tidlegare.
Her kan ein lese grunngjevinga:
https://skoleneslandsforbund.no/valgplakat/?fbclid=IwQ0xDSwMCbgdjbGNrAwJuBGV4dG4DYWVtAjExAAEeDQaw6K1i0iE_cvM34rFjhnlthS7jnLeSSejcX30Vj3Mo1kM852jkEYJJxrs_aem_eYiRlbSjuud83_OdCFdCKQ#LO #skole #fagrørsla #valet2025 #stortingsvalg #norskpolitikk #norsktut #utdanning
-
Sånn er stoda hos LO sine medlemmar for tida. Det er altså 1 million menneske. Det er verdt å merke seg kor svakt partiet Høgre står.
-
Strålande vedtak av LO-kongressen. Det er sånne augeblikk som verkeleg gjer meg stolt av å vera i LO.
-
Kven har dokker trua på? Sjølv heller eg mot Fellesforbundet sin kandidat.
-
Organisasjonsgrad og sosial ulikskap, heng tett saman. Jo færre som er fagorganiserte, jo meir av den samla "kaka" går til dei rikaste 10 % i samfunnet.
Derfor: det er eit samfunnsansvar å vera medlem i ei fagforeining!
-
Forrige helg var eg på #Trondheimskonferansen med over 600 andre frå ulike fagforeiningar. Da vedtok vi fleire ting, mellom anna årets Trondheimsresolusjon.
Eg synst det vart eit godt dokument!
(og for øvrig vil eg oppmode alle faglege tillitsvalte om å melde seg på neste år!)
#norsktut #LO #fagrørsla #norskpolitikk #arbeidarrørsla
https://loitrondheim.no/nyliberalismen-et-angrep-pa-demokratiet/