#noregspris — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #noregspris, aggregated by home.social.
-
Berre 29 prosent av hushaldningane i Midt-Noreg har valt å teikne Noregspris.
Kan dei ikkje like gjerne opprette ekstra autotrekk til kraftselskapa først som sist, når dei uansett er så godt i gang med betale overpris for straumen sin?
-
Spennande forslag frå MDG her. Det er openbert at Noregspris ikkje fungerer spesielt bra, og dessutan er himla dyrt for staten.
Derfor lanserer MDG ei alternativ ordning. Den går ut på at alle hushaldningar skal få 1000 kroner avslag på straumrekninga kvar månad i vinterhalvåret.
Greit nok, og meir treffsikkert enn Noregspris.
MEN:
Dette skal gjelde i dei prisområda der straumprisen har vore høgast dei siste åra, nemleg NO1, NO2 og NO5.
Korfor i alle dagar skal ikkje det her gjelde for oss i Midt-Noreg? Eg teikna Noregspris i januar. Sidan da har døgnprisen ligge over nivået for Noregspris alle døgn, utanom kanskje 10. Stort sett har prisen ligge på rundt 1 krone per kwt. Eg har altså spara mange tusen kroner på Noregspris, og innetemperaturen til meg ligg ikkje over 20 gradar, altså (og eg fyrer med vedomn gjennom vinteren).
Eg har inga tru på at straumprisane kjem til å gå ned til "normale" nivå for oss heller. Med dei nye overføringskablane ned mot Vestlandet, er vi i Midt-Noreg garantert å importere prisnivået derfrå (som igjen har importert det frå utlandet).
Nei, eg synst framleis Raudt sitt forslag er betre: Makspris på 35 øre per kwt., og ikkje at staten skal dekke mellomlegget til produsentane. Dette er det mogleg å kombinere med eit toprissystem, som nettopp skil normalt forbruk frå luksus.
#straumpriskrisa #noregspris #mdg #raudt #norsktut #norskpolitikk
MDG krev omkamp om noregspris – vil kutte 10 milliardar -
@forteller I januar i år hadde eg 100 kwh meir straumforbruk. Prisen gjekk opp frå 1400 til 2400. Litt.mykje for 100 kwh meir, men eg skal stå i det....
Eg har ikkje Noregspris og prøver å nytta minst mogleg straum. Sjølvsagt?
Min nabo har #noregspris. Han sit i nordsjøen og skrur varmen på maks når det er dyr straum....for å kunne få att meir frå Staten. Sist månad vart det 5000.
NOKO er gale her..... Logikken? Om ikkje han nyttar straumen, så er det #utlandet som får han.... 🤯
-
Er det fleire i Midt-Noreg som har #Noregspris? Eg bytta for ei veke sidan, og ser at eg verkeleg burde ha gjort det allereie i fjor. Faen for ein skakkøyrt straummarknad vi har i landet her.