home.social

#forfattar — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #forfattar, aggregated by home.social.

  1. Nytt år, ny #introduksjon!

    Eg er Markus 🙋 Eg jobbar som tech lead på ein dataplattform, men har lust å jobbe som #forfattar.

    Så langt har eg gjeve ut tri bøker, alle del av teikneserietrilogien #UdugelegeHeltar (i lag med @Helgemonster). Dei er gjeve ut på engelsk og norsk.

    For tida skriv eg mest #dikt og anna #kortprosa.

    Eg unngår fly og tek difor mykje tog, iallfall ein større #togferie i året.

    Jobbar med å like meg sjølv som person.

    #NorskTut #Allheimen

  2. Då er trilogien komplett!

    Det er rart å vera ferdig. Me har haldt på med prosjektet i nesten ti år. Fyrst trilogi på engelsk, og så på norsk.

    Når me valte å avslutte tenkte eg lenge at eg no var ferdig å skrive. Det var dette eg hadde i meg. Men det beste eg har skrevet skrev eg i år.

    Så får me sjå kor vegen vidare for meg som forfattar leiar.

    serienett.no/serienett/arrange

    #BokTut #Forfatter #Forfattar #NorskTut #Teikneserie #Tegneserie #Allheimen #UdugelegeHeltar #Nynorsk

  3. Om du er i #Bergen på fredag så skal me ha sleppfest for den siste boka i trilogien vår!

    #UdugelegeHeltar volum 3: Endelaus!

    Det heile skjer på Spillhuset i Bergen, fredag 26. april, klokka 17:00.

    Sjå spillhus.no for meir informasjon om lokalet.

    Facebook-event:
    facebook.com/events/3648655638

    #NorskTut #BokTut #Allheimen #Forfattar

  4. Korleis er kutyme med eiga bok, eigentleg?

    Eg har jo lest boka mi fleire gongar, men er det juks å føre statistikk på den? 🤔

    (Dette er snikskryt av at siste bok i trilogien min #UdugelegeHeltar no er tilgjengeleg! Eg har lenkje i bio, ev. kan de gå her: uberpress.no/collections/uduge)

    bookwyrm.social/book/1609741/s

    #BokTut #Forfattar #NorskTut #Allheimen

  5. Starta veka med å sende inn manuskript til forlag for fyrste gong i mitt liv. No er det visst berre å vente i ei sumarferie.

    #NorskTut #Forfattar #BokTut #Allheimen