home.social

#kortprosa — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #kortprosa, aggregated by home.social.

  1. Eg ser ut vindauget av bussen, er nesten ved mitt stopp. Hundre meter att, kanskje. Ser ned att i boka eg les, det er berre åtte sidar att før slutten. Skal eg sitte på tri stopp til? Fem kilometer for langt?

    #Kortprosa

  2. Eg satt på kafeen med ein kopp og ei bok. Ut vindauget såg eg eit kjent andlet, så eg nikka imøtekomande.

    Når dei var forbigåen kom eg på at det ikkje var nokon eg har møtt, men nokon eg har sett på fjernsynet.

    #Kortprosa

  3. Eg stod med den vante jakka i handa, ein arm inn, når Yr lasta inn på mobilen.

    "To gradar, ja."

    Eg såg på jakka eg var halvarms påkledd. Den tynne haustjakka.

    #Kortprosa

  4. Atten tusen sekund

    Berre fem timar
    Så lenge må eg halda ut
    Det må eg klara
    Berre fem timar
    Som ein leik
    Berre ti halvtimar
    Nesten ingenting
    Tjue kvarter
    Neidå
    Berre tretti ti-minuttarar
    Fort som svint
    Seksti fem-minuttarar, berre
    Ikkje meir
    Tri hundre minutt å halde ut
    Går kjapt
    Atten tusen sekundar
    Tida flyr
    Berre atten tusen sekundar
    Susar forbi
    Sytten tusen ni hundre og nittini sekund
    Tikk
    Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
    Takk
    Sytten tusen ni hundre og nittiåtte og eit halvt sekund
    Tikk
    Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
    Takk
    Sytten
    Tikk
    Tusen
    Takk
    Ni
    Tikk
    Hundre
    Takk
    La
    Tikk
    Meg
    Takk
    Halde
    Tikk
    Ut
    Takk

    ———

    #Dikt #Kortprosa #Lyrikk #LitteraTut #Allheimen

  5. Forsvinne

    Den plutslege trangen
    til å berre hoppe på nattoget
    og forsvinne
    ut i natta

    ———

    #Dikt #Kortprosa #LitteraTut #Allheimen

  6. Smil

    Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
    Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen

    ———

    #Kortprosa #LitteraTut #Allheimen

  7. Nytt år, ny #introduksjon!

    Eg er Markus 🙋 Eg jobbar som tech lead på ein dataplattform, men har lust å jobbe som #forfattar.

    Så langt har eg gjeve ut tri bøker, alle del av teikneserietrilogien #UdugelegeHeltar (i lag med @Helgemonster). Dei er gjeve ut på engelsk og norsk.

    For tida skriv eg mest #dikt og anna #kortprosa.

    Eg unngår fly og tek difor mykje tog, iallfall ein større #togferie i året.

    Jobbar med å like meg sjølv som person.

    #NorskTut #Allheimen

  8. En af mine tekster fra Radikale mennesker og hjem i et længst eksploderet kvarter er med i den her antologi med kortprosa fra syttenhundredetallet og til sådan cirka nu. Det er Lars Bukdahl og Peter Adolphsen der har redigeret udvalget. Det er gode sager, så shop løs eller lån lystigt på biblo. Udsæt også gerne dine elever for det, hvis du er lærer! dansklf.dk/kortprosa-antologi

    #litteratur #kortprosa