#litteratut — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #litteratut, aggregated by home.social.
-
Eg må berre seie orsak, Jon. Eg får det ikke til. Eg vert så sliten utan punktum. Eg har allereie ein uavbroten straum av repeterande tankar i hovudet. Eg treng ikkje ein til.
#JonFosse #LitteraTut #Nynorsk #NynorskErFramleisBest #Allheimen #NorskTut #NynorskTut
-
Atten tusen sekund
Berre fem timar
Så lenge må eg halda ut
Det må eg klara
Berre fem timar
Som ein leik
Berre ti halvtimar
Nesten ingenting
Tjue kvarter
Neidå
Berre tretti ti-minuttarar
Fort som svint
Seksti fem-minuttarar, berre
Ikkje meir
Tri hundre minutt å halde ut
Går kjapt
Atten tusen sekundar
Tida flyr
Berre atten tusen sekundar
Susar forbi
Sytten tusen ni hundre og nittini sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte og eit halvt sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten
Tikk
Tusen
Takk
Ni
Tikk
Hundre
Takk
La
Tikk
Meg
Takk
Halde
Tikk
Ut
Takk———
-
Forsvinne
Den plutslege trangen
til å berre hoppe på nattoget
og forsvinne
ut i natta———
-
Smil
Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen———
-
Det blei 186 bøker i 2024, opp frå 1 i 2023!
Eg las mest av #JonFosse, #AliceOseman, og #SolvejBalle. Det er nok mine tri favorittar frå året òg.
Favorittboka var nok #Septologien, med «Om udregning af rumfang» (1-5) på ein sterk andreplass.
I underkant av 60% av det eg las var på norsk.
Eg las faktisk kvar einaste dag i 2024, om det så berre var 1 side.
Eg gler meg til eit nytt år med lesing! Eg håpar 2025 blir 4. året på rad eg gjev ut bok.
-
I kveld las eg #kansellert #litteratur for treåringen. Albert #Åberg og jakten på pappas forsvunne pipe. 🫣
Kan ikkje hugse å ha sett denne nokon stad, korkje på bibliotek, butikk eller nett.
Denne gjekk under radaren på #ytringsfridomen sine riddarar.