home.social

#udugelegeheltar — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #udugelegeheltar, aggregated by home.social.

fetched live
  1. På Outland i Stavanger kan du få tak i sjeldant eksemplar av #UdugelegeHeltar volum 2: Nevar av stål. Berre signert av meg! Det fins ikkje så mange med berre min signatur i omløp.

  2. Om du ikkje er @pilum så gjekk du glipp av praten til meg og Lars Erik på SognaCon tidlegare i år.

    Frykt ikkje, for noo kan du sjå han på YouTube!

    youtu.be/bSFgbVWOREo?is=EsztzS

    #UdugelegeHeltar

  3. Me stoppa i Førde i dag, plutseleg såg eg meg rundt og var i ei bokhandel. Der fant eg nokre kjente bøker!

    Alltid utruleg gøy å finne eigne bøker fysisk hjå bokhandlar, og så heile trilogien i tillegg?

    #BokTut #UdugelegeHeltar

  4. Etter ei helg på SognaCon med redaktør og teiknemakkar så kjem eg heim med nokre nye bøker, terningar, og ikkje minst ein plan om å lage jolebok av #UdugelegeHeltar!

    Blir spanande å sjå om me får til ein historie me er nøgd nok med i tide til å nå trykkeriet.

  5. Hello 👋 This is my #Introduction

    I am Markus, I work in IT and keep my weeks filled with #books, #trains, and #Daggerheart.

    I'm a Norwegian living in Norway, Bergen. I have a trilogy of graphic novels under my belt known as #NoGoodHeroes (or #UdugelegeHeltar in Norwegian).

    I'm vegan and avoid planes as much as I can. I have a wide presence on the Fediverse. Here are some handles where you can find me:
    @[email protected] - #Mastodon
    @[email protected] - # Bookwyrm
    @[email protected] - #Pixelfed
    @[email protected] - #Loops

    This account is a #Holos account, an ActivityPub server running on my phone.

  6. Laurdag 28. februar! Klokka 14! Sogndal kulturhus! 😄

    Eg og @Helgemonster skal preike om #UdugelegeHeltar i Storsalen.

    Det er gratis!

    Om du er i området må du gjerne seia i frå, og så klart gjerne stikke innom. 🤩

    sogndalkulturhus.no/kulturprog

  7. Var innom Trondheim folkebibliotek i dag igjen, og no stod volum to av #UdugelegeHeltar på utstilling i teikneserieavdelinga 😌

    Hæsjtagg stolt forfattar.
    Hæsjtagg ydmyk.
    Hæsjtagg hæsjtagg.

  8. No sitt me og planlegg for... SognaCon! Me har blitt spurt om å preike der om #UdugelegeHeltar.

    Me kjem til å vera der heile helga 27. februar - 1. mars, men nøyaktig tidspunkt for preikinga vår kjem på eit seinare tidspunkt.

  9. Introduksjon

    Hei!

    Eg er forfattar Markus Pedersen. Eg har tidlegare gjeve ut ein teikneserietrilogi om nokre udugelege superheltar kalla #UdugelegeHeltar (https://www.uberpress.no/collections/udugeleg-collection).

    For tida prøvar eg meg i heilt andre banar enn superheltar med dikt og anna kortprosa. Eg er i ein prosess med å sende nokre samlingar rundt til forlag.

    På denne kontoen har eg tenkt å leggje ut nokre av desse tekstane eg skriv. Dei kan gjerne vera litt for lange for ein vanleg #Mastodon-konto, og difor nyttar eg #Hollo til dette.

    Det kjem til å vera ein del tekstar med tung tematikk, eg skal prøve å vera flink med innhaldsfilter på dei aller tyngste.

    Min kvardagslege konto er @markus. Eg nyttar den som ein småblogg, så der finn du allslags tankar om allslags greiar.

    Eg vonar du vil følgje meg her sjølv om du følgjar meg annastads allereie!

    #Introduksjon #Allheimen #NorskTut #Dikt #Prosa

  10. Nytt år, ny #introduksjon!

    Eg er Markus 🙋 Eg jobbar som tech lead på ein dataplattform, men har lust å jobbe som #forfattar.

    Så langt har eg gjeve ut tri bøker, alle del av teikneserietrilogien #UdugelegeHeltar (i lag med @Helgemonster). Dei er gjeve ut på engelsk og norsk.

    For tida skriv eg mest #dikt og anna #kortprosa.

    Eg unngår fly og tek difor mykje tog, iallfall ein større #togferie i året.

    Jobbar med å like meg sjølv som person.

    #NorskTut #Allheimen

  11. Det var til #Trondheim me måtte dra for å få sol. I dag starta eg dagen med å finne boka mi ( #UdugelegeHeltar ) på utstilling på biblioteket!

    Det var så klart det viktigaste.

    No held me på med noko Bakkaland-greiar... Nokre gamle hus? Eg veit ikkje. Tenkjer på boka mi.

    #MarkusFeriedagbok

  12. I går skreiv dei om boka mi i #DN!

    «[D]et er bare å ta seg av hatten for Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen.»

    🤠😃🎩

    #UdugelegeHeltar #BokTut

  13. «Dialogen i teikneserien er i ei klasse for seg, med stadige ordspel, mykje galskap og humoristiske vendingar.»

    Veldig hyggeleg melding av #UdugelegeHeltar Endelaus å vakne til 😄

    Og det frå sjølvaste #Nynorsksenteret!

    nynorskbok.no/aldersgruppe/ung

    #Nynorsk #BokTut #NorskTut #Allheimen #Forfatter

  14. På laurdag skjer det! Eg og @Helgemonster kjem til #OsloComicExpo for å signere #UdugelegeHeltar.

    Me sitt i eit telt utanføre #Serieteket (Schous plass) frå klokka 14:00.

    Laurdag! 8. juni! Klokka 14!

    #Forfatter #BokTut #Oslo #Tegneserie

  15. Eg skriv #nynorsk!

    Eg vaks opp med bokmål som hovudmål, men bytta mens eg gjekk på vidaregåande skule. Det var eigentleg berre for å øve til eksamen, men her sitt eg, 14 år seinare, med ein utgitt trilogi på nettopp nynorsk.

    #Nynorskdagen #NorskTut #Allheimen #UdugelegeHeltar #Forfatter

  16. #Introduksjon!

    (Den gamle introduksjonen er litt utdatert, så her kjem oppdatering)

    Eg er Markus. Eg jobbar som systemutviklar, og er forfattar på fritida. Mellom 2022 og 2024 gav eg ut trilogien #UdugelegeHeltar.

    Leseinteressa er stor (på @mvrkws kan du sjå meir), så du må gjerne dempe #BokTut om du vil unngå boktankane mine.

    Eg et vegansk for miljøet og dyra, og unngår fly av same grunn.

    Prøvar eigentleg berre å leve slik at eg likar meg sjølv som person.

    #NorskTut #Allheimen

  17. For dei av dykk som er i #Oslo så kan eg røpe at eg og teiknemakkaren min skal signere bøkar på #OsloComicExpo (#OCX) laurdag 8. juni klokka 14!

    Me blir å finne i teltet utanføre Serieteket (Deichman Schous plass).

    #NorskTut #Allheimen #UdugelegeHeltar #Forfatter

  18. Me har blitt anmeldt! Ikkje av politiet, men av Empirix. Rart val av skribenten å byrja på siste bok, men eg tilgjer han når han kjem med følgjande sitat:

    "Duoen Helgemo og Pedersen har laga ein scifi-trilogi som klarer å vere tøysete, episk, søt og finurleg."

    empirix.no/udugelege-heltar-en

    #BokTut #Forfatter #NorskTut #UdugelegeHeltar

  19. Då er trilogien komplett!

    Det er rart å vera ferdig. Me har haldt på med prosjektet i nesten ti år. Fyrst trilogi på engelsk, og så på norsk.

    Når me valte å avslutte tenkte eg lenge at eg no var ferdig å skrive. Det var dette eg hadde i meg. Men det beste eg har skrevet skrev eg i år.

    Så får me sjå kor vegen vidare for meg som forfattar leiar.

    serienett.no/serienett/arrange

    #BokTut #Forfatter #Forfattar #NorskTut #Teikneserie #Tegneserie #Allheimen #UdugelegeHeltar #Nynorsk

  20. Spørs kor mykje eg får gjort på jobb i dag. Fullt av møtar, og så rett på lansering av den siste #UdugelegeHeltar-boka.

    Tankane blir nok opptatte med boksnakk det meste av dagen.

    Event:
    facebook.com/events/3648655638

    #BokTut #NorskTut #Allheimen #Forfatter

  21. Om du er i #Bergen på fredag så skal me ha sleppfest for den siste boka i trilogien vår!

    #UdugelegeHeltar volum 3: Endelaus!

    Det heile skjer på Spillhuset i Bergen, fredag 26. april, klokka 17:00.

    Sjå spillhus.no for meir informasjon om lokalet.

    Facebook-event:
    facebook.com/events/3648655638

    #NorskTut #BokTut #Allheimen #Forfattar

  22. Korleis er kutyme med eiga bok, eigentleg?

    Eg har jo lest boka mi fleire gongar, men er det juks å føre statistikk på den? 🤔

    (Dette er snikskryt av at siste bok i trilogien min #UdugelegeHeltar no er tilgjengeleg! Eg har lenkje i bio, ev. kan de gå her: uberpress.no/collections/uduge)

    bookwyrm.social/book/1609741/s

    #BokTut #Forfattar #NorskTut #Allheimen

  23. I går ble eg og teikneseriemakkeren min intervjua under #Raptus!

    Etter nokre rundar om bokserien vår så har me fått ein del spørsmål, så me ble positiv overraska når intervjuar kom med spørsmål me aldri hadde fått før.

    Alt i alt god stemning i ein times tid på #Kvarteret.

    #NorskTut #Allheimen #NynorskTut #Tegneserie #UdugelegeHeltar #Forfatter

  24. Viss nokon er i #Bergen på fyrstkomande fredag så skal eg og makkeren min prate om #UdugelegeHeltar under teikneseriefestivalen #Raptus på #Kvarteret!

    Makkeren min dukkar også opp på laurdagen.

    raptus.no/schedule/raptus-2023

    #NorskTut #NynorskTut #Allheimen

Share on Mastodon

Enter the server where you have an account.