home.social

#teikneserie — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #teikneserie, aggregated by home.social.

  1. Då er trilogien komplett!

    Det er rart å vera ferdig. Me har haldt på med prosjektet i nesten ti år. Fyrst trilogi på engelsk, og så på norsk.

    Når me valte å avslutte tenkte eg lenge at eg no var ferdig å skrive. Det var dette eg hadde i meg. Men det beste eg har skrevet skrev eg i år.

    Så får me sjå kor vegen vidare for meg som forfattar leiar.

    serienett.no/serienett/arrange

    #BokTut #Forfatter #Forfattar #NorskTut #Teikneserie #Tegneserie #Allheimen #UdugelegeHeltar #Nynorsk

  2. Eg likar norske stripeseriar, men har ikkje lust å "måtte" følgje ørten instagram-kontoar for å få dei med meg.

    Skulle ynskje det fantes eit norsk blad som samla sjølvstendige norsk stripar for meg. Det hadde eg kjøpt.

    Eg har Pondus-abonnement, men blar forbi nesten alt av sjølve Pondus.

    #Teikneserie #Norsk #Striper #NorskTut #NynorskTut

  3. I går fullførte eg fyrsteutkast av (oversettinga av) boka eg kjem med til våren. #UdugelegeHeltar volum 3!

    Det er min favorittbok i trilogien. Det er slik type historie og dialog eg likar best å skrive. Blir spanande å sjå koss den norske marknaden tek den i mot.

    Neste steg er språkvask av profesjonelle nynorsk-folk!

    #NynorskTut #NorskTut #Teikneserie #Forfatter #Nynorsk #Bok