home.social

#primstav — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #primstav, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Dagens #primstav, 29. juli: #olsok, av Heilag Olavs vake.

    Vår rikshelgen, død ved denne dagen i slaget på #Stiklestad i 1030. På primstaven er dagen gjerne markert med kjenneteiknet hans, ei øks, sjølvaste olavsbilen.

    Av gamalt forventa ein flaum denne dagen, olsokflaumen eller olsokrøyta, og dagens vær kunne også spå haust- og/eller vinterværet, litt an på kvar du budde i landet.

    Gå og sjå #Stiklestadspelet i Verdal ein gong, det er ganske kult! «Er dette garden Sul?»

  2. Jeg har meldt fra til Gimse på fuglesiden at jeg drikker øl fra Nøgne. Men her må jeg vel melde fra til @tanketom når jeg fraviker #primstav en? Uansett er påskeferien i gang!

  3. Dagens #primstav, 17. mars: #gjertrudsmesse, av Sta. Gertrude av Nivelles.

    I utgangspunktet nok ein av Kristi Brud-figurane frå legendene – som tiåring nekta ho å bli gifta vekk, då ho alt var tileigna Jesus. Ho grunnla seinare eit kloster for irske munkar i Belgia.

    Ho er skytshelgen for spedalske og pilgrimmar, og så seint som 1800-talet blei ho framsverga for beskyttelse mot rotter (og pest). Om det hadde snødd sidan dagen før, kom det til å bli uår for kornet.

  4. Dagens #primstav, 16. mars: #gudmundsmesse, etter (den uoffisielle) islandske helgenen Gudmund.

    Han var så grei med dei fattige at han på 1200-talet måtte rømme Island i frykt for aristokratiet der, og flykta til Nidaros nokre gongar – og det er også i Trøndelag han synest igjen på primstaven, stort sett med ein kross.

    Om det kom snø på Gudmundsmesse, betydde det godt år for kornet. Om snøen derimot vara til neste dag, varsla det uår.

  5. Dagens #primstav: #Gregorsmesse, gamal festdag etter pave Gregor den store. Ofte skildra med ei due på skuldra, som ifølgje legendene dikterte det Gregor sa.

    På nesten alle norske primstavar, ofte markert med kvistar som teikn på den komande våren, og denne dagen er av gamalt ei tid å sjå etter vårteikn på.

    Grisen skulle få trynet i jorda om våren var på veg, om snøen tødde i dag skulle det bli eit godt år, om det var kaldt burde ein så havre i år.

  6. (Går)dagens #primstav: #Mattismesse, eller (i skotår) #laupårsdag.

    Dag tidlegare tileigna Judas' erstattar, apostelen (men ikkje disippelen) Mattias, valgt ved loddtrekking.

    Om kyrne hadde laupetid før denne dagen, var sjansen for å miste kalvane stor.

    Ekstradagen i skotår tradisjonelt vart lagt inn her (isf. vart Mattismesse feira 25. februar).

    Ellers var det tradisjonelt ein mild dag, då borna kunne ut etter den kalde vinteren: "Mattis med sitt lange skjegg, lokker barnet utfor vegg."

  7. Dagens #primstav: #PeterStol eller #PederVarmstein, frå martyrdøden til disippelen Peter, den første paven.

    I Noreg var dagen først og fremst teikna ved forestillinga om at Peder no kasta varme steinar i sjø og vatn for å tine is, mange rekna det som første vårdag, då telen snur.

    Nokre stader på sørlandet vart du gravlagd utanfor kyrkjegarden om du gjekk gjennom isen etter denne dagen, innforstått som sjølvdrap.

    Primstaven er teikna ved Peters nøklar til himmelriket, ein stein eller ein P.

  8. (Gårs)dagens #primstav: #Apolloniemesse, skytshelgen for tannlegar og lidande av tannverk.

    I litt forskjellige versjonar går soga hennar ut på at ho fekk tennene slått ut om ho ikkje slutta med si kristne framferd – anten som ikonoklast eller fordi ho ikkje vil seie blasfemiske fråsegner.

    Ofte avbilda med ei stor tang og ei laus tann, bla. i Den norske tannlegeforeningen sin logo.

    Lite kjend i Noreg, men finst på nokre primstavar. Ein statue av ho står også på nordre tårn i Nidarosdomen.

  9. eventbrite.com/e/the-nordic-wh

    “The #Nordic Wheel of #Seasons - The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.”

    #nordicanimism #norsepagan #runes #spirituality #webinar #norse #animism #pagan #primstav

  10. Dagens #primstav: #Ågotsmesse eller musedagen. St. Agatha, nok ei martyrjomfru, som stod imot både tilnærmingar frå Quintianus, og seinare torturen frå hans medhjelparar.

    Før døden fekk ho brysta kutta av, difor markerast festdagen i Catania, Sicilia på makabert vis med puppekaker. I tillegg velsignast ofte brød i feiringa.

    Det lokale segnet om Ågot som vart biten av mus heilt til ho haldt dagen heilag fekk fotfeste i Noreg, som har ført til at dagen markerast med mus på nokre primstavar.

  11. (Gårs)dagens #primstav: Blåsmesse, eller blåsius – ein dag tileigna heilar St. Blasius, ein av «dei fjorten heilage hjelparane», katolisismens Avengers. I trua mest påkalla mot halsvonde.

    Lite kjend i Noreg, og er her mest kopla med at namnet hans er tolka i retning «å blåse». Semiotikken lenge leve! Mykje markert med (blåse)horn, skip eller bispestav.

    Blåste det mykje denne dagen, våkna naturen og gav eit stormfullt år, og sjøfolk skulle ikkje nemne dagen ved namn for å unngå ulukker.

  12. Dagens #primstav: #Kyndelsmesse! Jesus fremstilling i tempelet? Joda, men før det Marias renselse i tempelet. Joda, men før det Jesus møte med Simeon. Joda, men før det lysfest for åkergudinna Ceres. Kyndel kjem av det norrøne ordet for vokslys, kyndill.

    I primstavkontekst er det Maria det går i, gjerne markert med eit tre av eit slag – som teikn på det livgivande.

    Om du NO ikkje alt har rydda ut jula, kan du skulde på at finst nokre stader jula var rekna som å vare heilt til dette.

  13. Dagens #primstav: Pålsmesse. Her er det sjølvaste Paulus som skal heidrast, du veit, han med breva. Han var først hardcore farisear, men vart omvendt av Jesu kraft, og seinare halshogd under keisar Nero.

    Grunna avrettingsmetoden er dagen ofte markert med eit sverd på primstavar. Andre våpen er heller ikkje uvanleg, som ei boge eller armbrøst, og fleire stader var dagen kalla «Pål skyttar» eller «Pål med boga».

    Arbeid som starta denne dagen, ville mislukkast. Vêret denne dagen forutsåg sumaren.

  14. Helgas #primstav: Ja, vi har vore gjennom Agnesmesse og Vincentsmesse i kalenderen, hhv. 21. og 22. januar, men eg har valgt å ikkje ta dei med denne runden, all den tid dei hovudsakleg er dagar med lite forankring i norske tradisjonar.

    (Sjølv om historia om unge Sta. Agnes og det beskyttelsesvoksande håret hennar er kul, altså. Ekte X-Men-materiale!)

  15. Dagens #primstav: Brødremesse! Her er vi faktisk på brothers from different mothers, for Sebastian og Fabian er ikkje brør, dei har berre blitt oppfatta slik i folketrua rundt dagen.

    Fabian var ein pave som døydde martyrdøden, og ok, jada, men eg vil fokusere på Sebastian. Mannen som blei avretta med piler, og nekta å døy, så han blei sjåande ut som ei nålepute!

    Sidan dei gamle katolikkane hadde ein rar form for humor har han blitt skytshelgen for… bogeskyttarar?

  16. Antonius er rekna som grunnleggjaren av klostervesenet. I følgje soga, var han son av rike landeigarar, som døydde då han var ung.

    For å følgje Jesus (jf. Matt 19:21: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige.») gav han seinare vekk alle pengane sine, og levde mesteparten av livet som asketisk eremitt.

    Djevelen forsøkte så å «å påføre ham kjedsommelighet, latskap og visjoner om kvinner». Hashtag #relatable. #primstav

  17. Dagens #primstav: Antonsmesse, etter den egyptiske eremitten Antonius den heilage.

    Gjerne markert med ein gris, fordi munkane i hans orden hadde privilegier for frittgåande gris. Er ellers ofte avteikna med ei almissebjølle.

    "Nesten alle svin befinner seg på primstaver fra Voss," som SNL skriver det så fint (og eitt smalahove, trur eg?). Trekk dine eigne konklusjonar frå det.

    Bjørgvin hadde ei av få kyrkjer tileigna St. Anton i Noreg, antonittane hadde Nonneseter på byrjinga av 1500-talet.

  18. Dagens #primstav: Tjuandedagen, eller gamle nyttårsdag. Tradisjonar varierar om det er i dag eller trettande dag ein ryddar ut jula, ikkje minst fordi St. Knut (tjuande dag Knut, rydder jula ut) også har fått sin dag i dag, via svenskane.

    Det finst fleire skikkar knytt til dette, anten det er fest, eller vasking, eller klargjering for det komande skreifisket.

    Primstavmerket varierar, men er mellom anna eit drikkehorn opp-ned (fordi juleølet er slutt) eller ein halvsirkel inntil ein strek.

  19. Dagens #primstav: Midtvinter, eller hökunótt.

    Lite markert på primstavar, heidensk som han er, men når dei er det er det stort sett med prikkar, som symboliserar snø, eller ein halvmåne.

    Midtvintersblotet viste at ein var "midt i vinteren" – mellom 14. oktober og 14. april. Blotet er nemnd i fleire av sagatekstane våre, spesielt i Inn-Trøndelag, men den heidenske skikken vart ulovleg under Olav Tryggvason.

    Dette var dagen bjørnen snur seg i hiet sitt, halvveges på veg til å vakne att.

  20. Dagens #primstav: Brettemesse. Nei, ikkje dagen for å brette dukar, men ein dag tileigna den lite kjende helgenen Brettiva, eller mogleg irane sin Brigida.

    I mangel på tydelege ledefigurar – blant anna vart det nokre stader tradisjon å brette/brekke julematrestane denne dagen i ei gryte, og ete det med resten av juleølet i grannelagsfestar kalla «pompegilde». Andre stader vart overtrua at ting eller bein gjekk lettare i stykker denne dagen.

  21. Som ein del av #primstav-prosjektet mitt her på Mastodon har eg også plan om å lage ein faktisk primstav – kjekt med eit prosjekt.

    «Alle» kjenner den klassiske kjeppformen, men har sett nokre runde variantar som er veldig kule også… Hmmmm…

  22. @Tokj Det er den same Knut, men han har blitt flytta litt rundt alt ettersom kva som passar for lokale skikkar. I Sverige er han hovudsakleg snakka om på tjuandedag. Eg forsøker å gå gjennom «alle» primstavmerkedagane, du finn dei andre på #primstav.

  23. Dagens #primstav: #Eldbjørgdagen, ein dag vi bergar elden (ikkje ellers eigentleg relatert til kvinnenamnet).

    Mange stader var det i dag julefølgjet vart sendt heim (avfaredagen), og ekstra hand vart teke om grueelden. Sidan iallfall 1300-talet ofra ein øl og mat til huselden, med mål om å få den til å varme huset, men ikkje kome ut av kontroll. Etter kvart også kristent.

    «Hjelpe meg Gud og Sante Knut, at aldri min varme sloknar ut.» Knut er her kongsemne og dansk helgen Knut Lavard.

  24. Dagens #primstav: #Heilagtrekongarsdag eller trettandedag, gjerne markert med kross, eit tre eller tre kruner.

    På same som i går, er dette «gamle juledag», med gåvene frå dei vise menn som fokus – og skulle av frostatingslova haldast like heilag som jula.

    Ein heilagdag i Danmark-Noreg fram til #festdagsreduksjonen i 1771, og er framleis ein fridag i Sverige og Finland.

    Rundtom i landet finst ulike tradisjonar for å rydde eller jage ut jula, for i morgon byrjar kvardagen igjen!

  25. Dagens #primstav: #Trettendeaften, eller tolvtedagen.

    Overgangen frå juliansk til gregoriansk kalender i 1700 gjorde til at 18. februar vart etterfulgt av 1. mars, difor vart òg julefeiringa flytta frå denne dagen.

    Trettandeaften vart nokre stadar feira som «gamle julaftan» langt opp mot vår eiga tid – så seint som 1824 var «tolvterus» ein heidundrandes fest før morgondagens festdag.

    5. januar var ingen heilagdag, men var rekna som ein halv heilagdag (som julaftan) for arbeidsfolk i lang tid.

  26. God nyttår! Dagens #primstav er #nyårsdag. Eg kan ikkje hugse å nokosinne ha hatt dagen til minne om Jesu omskjæring, men at eg traskar rundt i undikken og spiser stor frukost er tydelegvis blant anna dét, Circumcisio domini!

    Fekk du ei gåve denne dagen, ville du få hell og lukke resten av året, ifølgje folketrua. Og motsatt om du til dømes falt og slo deg.

    Dagen er gjeren markert på primstaven med eit kristent symbol som kross eller kyrkje eller med ein sirkel for å markere årets rundgang.

  27. Dagens #primstav: #Barnedagen eller barnamessa! Lite brukt i Noregs primstavar historisk, anna enn i Bergensområdet.

    Til minne om borna i Betlehem som vart drepne av Herodes rundt Jesu fødsel, er dagen meint som ein festdag for born – i dag skulle dei bestemme, besøke kvarandre og leike. «Jultrefæst for ongan» har sitt opphav i denne dagen, sjølv om det er meir bevegeleg i våre dagar.

    Dette var også rekna som ein ulukkesdag, der intet viktig skulle gjerast – som forplanta seg utover året.

  28. Dagens #primstav er ei sjeldanheit, på eit lite knippe primstavar historisk sett. Den seier #staffansdagen, av PROTOMARTYREN St. Stefanus.

    I Sverige og Noreg er dagen òg kjend for ulike variantar av hesteridning – staffansritt, eller å ri staffan. Noko av grunnen kan vere eit skandinavisk oppheng i at Stefanus visstnok var stalldreng hjå Herodes, og var den første som såg Betlehemsstjerna.

    Det var viktig at hesten vart sveitt, så var han betre beskytta mot sjukdom i det komande året.