home.social

#barnedagen — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #barnedagen, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Dagens #primstav: #Barnedagen eller barnamessa! Lite brukt i Noregs primstavar historisk, anna enn i Bergensområdet.

    Til minne om borna i Betlehem som vart drepne av Herodes rundt Jesu fødsel, er dagen meint som ein festdag for born – i dag skulle dei bestemme, besøke kvarandre og leike. «Jultrefæst for ongan» har sitt opphav i denne dagen, sjølv om det er meir bevegeleg i våre dagar.

    Dette var også rekna som ein ulukkesdag, der intet viktig skulle gjerast – som forplanta seg utover året.