#diktpanynorsk — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #diktpanynorsk, aggregated by home.social.
-
eg bakte meg inn i navnet hens
lot vokalane våre smelte saman
nærare enn ved berøring stod vi
to hjarter fråskilt i rom----
Frå diktsamlinga Det er ikkje mine sko du ser, Publica Forlag, 2024
#kjærleik #kjærlighet #diktPåNynorsk #dikt #diktPåNorsk #pride
-
eg bakte meg inn i navnet hens
lot vokalane våre smelte saman
nærare enn ved berøring stod vi
to hjarter fråskilt i rom----
Frå diktsamlinga Det er ikkje mine sko du ser, Publica Forlag, 2024
#kjærleik #kjærlighet #diktPåNynorsk #dikt #diktPåNorsk #pride
-
mørkret tetnar kring det kvite huset
demogogen er attende, valt inn
eit demokrati, ja, men på kva grunnlag?
alternative fakta i sosiale media, støtta av avhengigheitsskapande raudpillefiserande algoritmer for konsumentane, lemena, sauene, som har slutta å lese nyhende frå redaktørstyrte media sidan dei no tenkjer sjølv og sluker nyklekte konspirasjonsteoriar som nysteikt kveitebrød, som stadig aktiverar amygdala og gjev ei forførande kjensle av å tilhøyre ein elite som veit og forstår kva som eigentleg føregår, det er dei mot oss, mørkre mot lys, Tykjen mot Gud, det er å opphøge, vente på og framskunde armageddon og undergongen for andre folkeslag
eit demokrati, ja, i teorien, men kor lenge vil dei fortsetje å framstå som det, vil det snarleg ta form som autokrati, meritokrati, oligarki, plutokrati, timokrati? Kven vert fyrst til mars? Kven kontrollerer tidsanda? Kven formar verda vår?#dikt #diktpånorsk #diktpånynorsk #demokrati
ST: Eg har på ei svart ull-tskjorte, og briller med svart innramming. Venstre arm lenar seg på den burgunderraude chesterfieldstolen, med ein hauggamal modell av apple watch og eit armbånd med symbolet for det beskyttande onde auget frå middelhavslanda, ei gåve frå tenåringsdotra mi. (1/2)