home.social

#smittevern — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #smittevern, aggregated by home.social.

  1. Det burde etter mi meining bli skikk og bruk også her i landet at om du må på butikken, men kjenner at du brygger på forkjøling eller influensa, tek du på munnbind. Det er enkelt og sunt for andre.

    (Kopierte eige innlegg frå FB-tråd hit, i tilfelle nokon her er interessert. Derfor litt ute av kontekst.)

    #Norsktut #smittevern #nynorsk

  2. Nei, det er ikkje særleg effektivt å ta på munnbind for å verne seg mot smitte - det har forskning synt. Men det er svar på feil spørsmål! Spørsmålet er: kor effektivt er munnbindet til å verne andre mot dråpe-boren smitte frå sjukdom eg har?

    Jo, da vi var mest opptekne av smittevern og munnbind og slikt, døydde det færre av influensa enn i "normale" år. Effektivt!

    #Norsktut #smittevern

  3. DEN prosenten kan vera skilnaden mellom at kvar smitta vil skape to andre tilfelle (altså eksponensiell vekst) og at kvar smitta berre vil smitte 0,95 person - og det kan vera skilnaden på ein pandemi som stenger ned samfunnet og slår ut helsevesenet, og ein som berre er litt upraktisk for arbeidslivet.

    Alt for mange her i landet misforstod munnbind som "dette tek eg på meg for å verne MEG mot smitte" i staden for "dette tek eg på meg for å verne ANDRE mot mine virus".
    #smittevern

  4. Bruk av munnbind mot pandemi vart ikkje godt nok forklart av våre temmeleg fordumma massemedier.
    I Japan bor folk tett, og det er rekna for god, gamal folkeskikk at den som er litt snufsete tek på seg munnbind om dei skal ut, for å unngå å smitte andre. Og poenget er: sjølv om ikkje munnbindet kan stoppe alle virus, held det att ein del droper som du puster ut, som det ligg virus i. Du vert nokre prosent mindre smittefarleg - kan hende 50% mindre, kan hende 20% mindre.

    #norsktut #smittevern