home.social

#oppslagstavla — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #oppslagstavla, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Det gjenoppliva lokallaget av Rethinking Economics i Bergen startar lesesirkel, og eg er sjølvsagt såra og vonbroten over at dei har valt å sjå vekk frå mi oppmoding om å legge interessante arrangement til andre dagar enn onsdagar.rethinkingeconomics.no/kalende

    #norsktut #AlternativØkonomi #RethinkingEconomics #Bergen #DetSkjer #oppslagstavla

  2. I morgon startar eg dagen på Forum for vitskap og demokrati, som har funne suksessformelen med ei blanding av frukost og interessante tema: www4.uib.no/arrangementer/anne

    (Og alle de andre kan høyre samtalane som podkast i etterkant: vitdem.podbean.com/)

    #norsktut #transhumanisme #demokrati #DetSkjer #oppslagstavla

  3. 4. september inviterer Småbrukarlaget til ost- og sidersmaking på Litteraturhuset i Bergen! Eg har vore tvangsrekruttert til panelet som har smakt seg gjennom det som er av lokale ostar og siderar for å kome med innspel til arrangementet, og no er eg veldig spent på kva for kombinasjonar dei har endt opp med: litthusbergen.no/arrangement/o

    #Bergen #norsktut #lokalmat #DetSkjer #oppslagstavla

  4. Og så skal dei revitalisere lokallaget i Bergen! Dessverre på eit tidspunkt då eg allereie er booka til noko anna. For første gong i mitt liv skulle eg ønskje eg hadde ein KI-agent eg kunne sende i min stad. (Berre tulla. Eigentleg ønskjer eg meg ein time turner.) rethinkingeconomics.no/kalende

    #Bergen #norsktut #AlternativØkonomi #DetSkjer #oppslagstavla

  5. Rethinking Economics sparkar i gang haustsemesteret med ei mengd arrangement, mellom anna tiårsdagsfeiring på Blå i Oslo: rethinkingeconomics.no/kalender

    #norsktut #AlternativØkonomi #DetSkjer #oppslagstavla

  6. The deadline for contributions to the International Conference for the Social and Solidarity Economy and the Commons is fast approaching: ssecommons.cei.iscte-iul.pt/ca

    #HeterodoxEconomy #commoning #SolidarityEconomy #oppslagstavla

  7. I kveld skal eg ut og møte folka i Demo for første gang utanfor internettet. Som "grunnleggjande medlem" fekk eg invitasjon, men eg har late meg fortelje at det er plass til mange fleire: litthusbergen.no/arrangement/d

    #Demo #DetSkjer #oppslagstavla #BAdesken

  8. Og så denne då, ikkje minst - som dessverre (for dei av dykk som er i Oslo) går på same tid som inflasjonsdebatten. Sjølv ville eg nok prioritert oljefondet, trur eg.

    gjer.no/events/816073b3-38be-4

    #økonomi #oljefondet #investering #DetSkjer #oppslagstavla #norsktut

  9. Imorgon kl 12-16 er det gjenbruksfest med Tou Scene! Fiks, bruktsal, gjenbruk, ta vare på verdiar.

    gjenbrukogfiksefest.com

    #oppslagstavla #stavanger

  10. Digitalt møte om militærutgifter måndag 4. mai kl. 18, i regi av Fredslaget. Ope for alle interesserte, zoom-lenke ligg i FB-arrangementet (offentleg) som det er lenka til nederst på sida. norgesfredslag.no/nyheter/%f0%

    #DetSkjer #oppslagstavla #forsvar #sikkerhet #norsktut

  11. På den andre sida skal det jo faktisk vere ei økt om "ocean research beyond growth" på symposiet i morgon. Den må eg få med meg.

    uib.no/en/osb/181437/one-ocean

    #DetSkjer #oppslagstavla #OneOceanWeek

  12. Hit har eg tenkt meg i kveld. Blir første gong eg høyrer digitaliseringsministeren live, så det bør bli interessant.
    apibergen.arbeiderpartiet.no/a

    #AI #DetSkjer #oppslagstavla

  13. Neste nummer av Røyst burde også bli interessant:
    Tidsskriftet Røyst søker bidrag til neste nummer: UNIVERSITETSKAMP
    I dag tar stadig fleire høgare utdanning. Men kva skal vi eigentleg med universiteta?
    Korleis skal universiteta forhalde seg til politiske kamper og kriser som utspillast i samfunnet?
    Har du ein idé, ei skisse eller ein ferdig tekst? Send det inn til oss snarast råd! Epost: [email protected]. Frist for fyrste utkast: 10. april.
    facebook.com/tidsroyst/?locale

    #oppslagstavla

  14. Ser på programmet til Litfest Bergen, og overraskar meg sjølv ved å nesten få lyst til å gå på dette arrangementet. Men dei har gløymt å ta med den openberre undertittelen: "Har Christian Ringnes og Erna Solberg sjel?"
    litfestbergen.no/litfestbergen

    #LitFestBergen #Bergen #DetSkjer #oppslagstavla

  15. Verda går av hengslene, men organisasjonen for bevaring av nytteplantemangfald i Noreg skal lage ein brosjyre om kvann! I Frankrike har eg fått både kvannsyltetøy, kvannkake og kandisert kvann. Mens syster mi framleis hadde småbruk, lobbyerte eg hardt (men resultatlaust) for å få dei til å dyrke kvann. No er KVANN (som organisasjonen heiter) på jakt etter oppskrifter med kvann eller tips om korleis det er blitt brukt. Send ein epost til [email protected]
    kvann.no/arrangement/kvann-en-

    #oppslagstavla

  16. Dette møtet skulle eg veldig gjerne ha vore med på, men det er i Oslo og eg er i Bergen. Men dersom du er i Oslo, og er interessert i økonomi og politikk & sånn, og har tenkt at 2026 kanskje skal bli året der du går ut av huset og gjer noko konkret for å motverke forjævliseringa av verda, så slenger eg dette ut her som eit tips.
    attac.no/arrangement/prosjekt-

    #oljefondet #AlternativØkonomi #DetSkjer #oppslagstavla

  17. Dette trur eg blir interessant: I morgon deler Rethinking Economics ut den første Rethinking-prisen på Kulturhuset i Oslo. Prisen går til Ingrid Kvangraven som arbeider med å dekolonisere økonomifaget, og etter prisutdelinga blir det samtale på scenen med prisvinnaren og Pål Nygaard (økonomihistorikaren som starta arbeidet med å kartleggje oljefondet sine investeringar i Israel). Eia var me der! facebook.com/events/2527047230

    #AlternativØkonomi #DetSkjer #oppslagstavla #økonomi #oslo

  18. På Smultringøkonomifestivalen i november var eg på Attac sitt seminar om oljefondet og om prinsippet om høgast mogleg avkastning er mogleg å kombinere med planetens tolegenser. No arrangerer dei arbeidsmøte neste veke for å halde fram dette arbeidet. Det er i Oslo, så eg får det ikkje med meg, men disuksjonen om finansfond og berekraft er superinteressant og noko vi må ha mykje meir av: attac.no/arrangement/apent-arb

    #AlternativØkonomi #oljefondet #økonomi #DetSkjer #oppslagstavla

  19. Nettverket Smultringøkonomi Norge har teke initiativ til ein allianse som skal jobbe politisk for eit berekraftig økonomisk system. Torsdag denne veka skal alliansen møtast for å diskutere det vidare arbeidet. Påmelding her (det er mogleg å delta digitalt): docs.google.com/forms/d/e/1FAI

    Og plattforma for alliansen ligg her: smultringokonomi.no/plattform/

    #AlternativØkonomi #bærekraft #DetSkjer #oppslagstavla #norsktut

Share on Mastodon

Enter the server where you have an account.