#detskjer — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #detskjer, aggregated by home.social.
-
4. september inviterer Småbrukarlaget til ost- og sidersmaking på Litteraturhuset i Bergen! Eg har vore tvangsrekruttert til panelet som har smakt seg gjennom det som er av lokale ostar og siderar for å kome med innspel til arrangementet, og no er eg veldig spent på kva for kombinasjonar dei har endt opp med: https://www.litthusbergen.no/arrangement/oster-og-sidere-fra-hordaland-en-sanselig-oppdagelsesferd
-
Og så skal dei revitalisere lokallaget i Bergen! Dessverre på eit tidspunkt då eg allereie er booka til noko anna. For første gong i mitt liv skulle eg ønskje eg hadde ein KI-agent eg kunne sende i min stad. (Berre tulla. Eigentleg ønskjer eg meg ein time turner.) https://www.rethinkingeconomics.no/kalender/gjenstiftelsesmte-rethinking-economics-bergen
#Bergen #norsktut #AlternativØkonomi #DetSkjer #oppslagstavla
-
Rethinking Economics sparkar i gang haustsemesteret med ei mengd arrangement, mellom anna tiårsdagsfeiring på Blå i Oslo: https://www.rethinkingeconomics.no/kalender
-
Det blir Nøko i år også! 27. oktober i Oslo:
-
Ooh, rekk eg denne innimellom festspelkonsertane? https://gjer.no/events/66dba666-ea60-420e-8c73-091ca65b77d6
-
I kveld skal eg ut og møte folka i Demo for første gang utanfor internettet. Som "grunnleggjande medlem" fekk eg invitasjon, men eg har late meg fortelje at det er plass til mange fleire: https://www.litthusbergen.no/arrangement/demo-presenterer-badesken-gjor-norge-hyggelig-igjen
-
Og så denne då, ikkje minst - som dessverre (for dei av dykk som er i Oslo) går på same tid som inflasjonsdebatten. Sjølv ville eg nok prioritert oljefondet, trur eg.
https://gjer.no/events/816073b3-38be-4f93-aab3-d23fb49f80a5
#økonomi #oljefondet #investering #DetSkjer #oppslagstavla #norsktut
-
I serien "arrangement eg gjerne skulle ha gått på om eg berre hadde vore i Oslo":
https://www.rethinkingeconomics.no/kalender/inflasjonsdebatten-fortsetter?#okonomi #inflasjon #rente #DetSkjer #oppslagstavla #norsktut
-
No er det jo på høg tid å minne om konserten vår i Nykirken neste søndag: https://gjer.no/events/9ecfddce-1114-4b4d-9e86-f246632858b3
#Bergen #DetSkjer #oppslagstavla #kulturtut #konsert #norsktut
-
Digitalt møte om militærutgifter måndag 4. mai kl. 18, i regi av Fredslaget. Ope for alle interesserte, zoom-lenke ligg i FB-arrangementet (offentleg) som det er lenka til nederst på sida. https://norgesfredslag.no/nyheter/%f0%9f%97%93webinar-4-mai-norges-fredslag-markerer-global-days-of-action-on-military-spending-gdams/
-
Jennifer Hinton som er hovudinnleiar der, skal snakke om boka si om postvekst på CET-senteret på UiB i dag, og dit er eg straks på veg: https://www4.uib.no/en/research/research-centres/centre-for-climate-and-energy-transformation-cet/events/game-changer-an-economy-beyond-profit-book-talk-with-jennifer-hinton
-
På den andre sida skal det jo faktisk vere ei økt om "ocean research beyond growth" på symposiet i morgon. Den må eg få med meg.
-
Hit har eg tenkt meg i kveld. Blir første gong eg høyrer digitaliseringsministeren live, så det bør bli interessant.
https://apibergen.arbeiderpartiet.no/arrangementer/digital-suverenitet-og-ansvarlig-ki-130426/ -
Er ikkje i Oslo lenger, elles skulle eg fått med meg denne paneldebatten om naturrekneskap:
https://www.facebook.com/events/26878989741698837/#naturregnskap #okonomi #naturmangfold #DetSkjer #oppslagstavla
-
Dette kunne vore interessant å få med seg. Og eg er jo faktisk i Oslo for ein gongs skuld. Får eg det til å passe, tru? https://velferdsstaten.no/2026/03/17/arrangement-kunsten-a-avvikle-en-velferdsstat/
-
Dette burde bli interessant. Onsdag 25. mars kl. 18 i Gerd Wangs auditorium på Oslomet (Pilestredet 48): https://www.norgesfredslag.no/post/krigs-journalistikk-sannhetens-likkiste-oslo
-
Korleis er ståa og framtida for sirkulærøkonomien? Seminar på UiO/livestream i morgon: https://www.jus.uio.no/english/research/areas/sustainabilitylaw/events/2026/26-02-27-sustainable-circular-economy.html
#DetSkjer #oppslagstavla #sirkulærøkonomi #økonomi #AlternativØkonomi
-
Ser på programmet til Litfest Bergen, og overraskar meg sjølv ved å nesten få lyst til å gå på dette arrangementet. Men dei har gløymt å ta med den openberre undertittelen: "Har Christian Ringnes og Erna Solberg sjel?"
https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2026/program/litteraert-stevnemoete/ -
Dette møtet skulle eg veldig gjerne ha vore med på, men det er i Oslo og eg er i Bergen. Men dersom du er i Oslo, og er interessert i økonomi og politikk & sånn, og har tenkt at 2026 kanskje skal bli året der du går ut av huset og gjer noko konkret for å motverke forjævliseringa av verda, så slenger eg dette ut her som eit tips.
https://attac.no/arrangement/prosjekt-oljefond-diskusjons-og-arbeidsmote/ -
I dag skal eg endeleg få svar på det eksistensiellaste av alle eksistensielle spørsmål. https://www.litthusbergen.no/arrangement/jakten-pa-vestlendingen-er-bergenseren-vestlending
-
Dette trur eg blir interessant: I morgon deler Rethinking Economics ut den første Rethinking-prisen på Kulturhuset i Oslo. Prisen går til Ingrid Kvangraven som arbeider med å dekolonisere økonomifaget, og etter prisutdelinga blir det samtale på scenen med prisvinnaren og Pål Nygaard (økonomihistorikaren som starta arbeidet med å kartleggje oljefondet sine investeringar i Israel). Eia var me der! https://www.facebook.com/events/25270472309213960
-
Her gjeld det å disponere kreftene rett, skal ein stå løpet ut. https://www.kirken.no/nb-NO/fellesrad/Bergen/menigheter/bergen-domkirke-menighet/Kalender/?&category=2&category=5
-
Og smultringøkonomifolka arrangerer også oppfølgjingsmøte om korleis arbeidet kan takast vidare, også i Oslo: https://gjer.no/events/20d3d65f-af27-4a21-99f5-0016944967bd
#AlternativØkonomi #smultringøkonomi #DetSkjer #oppslagstavla
-
På Smultringøkonomifestivalen i november var eg på Attac sitt seminar om oljefondet og om prinsippet om høgast mogleg avkastning er mogleg å kombinere med planetens tolegenser. No arrangerer dei arbeidsmøte neste veke for å halde fram dette arbeidet. Det er i Oslo, så eg får det ikkje med meg, men disuksjonen om finansfond og berekraft er superinteressant og noko vi må ha mykje meir av: https://attac.no/arrangement/apent-arbeidsmote-for-oljefondet-prosjekt/
#AlternativØkonomi #oljefondet #økonomi #DetSkjer #oppslagstavla
-
Er det liv laga å produsere berekraftige tekstil i Noreg? Organisasjonen Fibershed (som eg følgjer med på fordi eg strikkar med norsk ull frå mikroprodusentar) jobbar med dette, og dei arrangerer ein samtale om norske tekstilverdikjeder på Kulturhuset i Oslo 20. november.
https://www.fibershed.no/arrangementerFibershed har samarbeidd med klesforskarane ved Oslomet om å kartleggje norske tekstilverdikjeder, resultata finst her: https://uni.oslomet.no/klesforskning/2025/06/12/tekstilbonder-kartlegging-av-fiber-og-tekstilproduksjon-i-norge/
-
Nettverket Smultringøkonomi Norge har teke initiativ til ein allianse som skal jobbe politisk for eit berekraftig økonomisk system. Torsdag denne veka skal alliansen møtast for å diskutere det vidare arbeidet. Påmelding her (det er mogleg å delta digitalt): https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSf_oQrfLr-1ahlB5vYyYhjohfGX-gqxS1IO6wRhJpUAZsydmg/viewform
Og plattforma for alliansen ligg her: https://www.smultringokonomi.no/plattform/
#AlternativØkonomi #bærekraft #DetSkjer #oppslagstavla #norsktut
-
Innimellom skjer det fornuftige ting på Pressens Hus: https://taxjustice.no/artikkel/rapportlansering-skjult-eierskap-i-norge