home.social

#diktsamling — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #diktsamling, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Fyrstikker

    Kjempar mot vinden med ei pakke fyrstikker
    Kvar stikke blæs ut før ho tenner
    Og før eg bit merke i det er fyrstikkpakka tom
    Full av utbrente, feilgjorte stikker
    Eg må håpe dei plutseleg blir fungerande att
    At eska fyller seg opp
    At eg finn ei ny pakke
    Men butikken er stengd
    Når skal eg få sjå ljoset att

    ———

    #Dikt #Diktsamling #Litteratut #Allheimen

  2. Demning

    Ei kjensle til
    Brest demninga
    Må halde dei nede
    Ikkje bresta no
    Teip på grunnmuren
    Tyggis i sprekkane
    Betongen er gløymd

    ———

    #Dikt #Diktsamling #LitteraTut #Allheimen

  3. Berre litt til

    Som eit trykk
    Til tidar valdsamt, til tidar ømt
    Kjenslar som vil fram, som eg ikkje er klar for
    Eg må vente, eg kan ikkje ta stilling no
    Trykkar tilbake mot det
    Overveldar meg sjølv med alt eg kan
    Distraksjonar og inntrykk
    Andre ting
    Ikkje dét som mitt indre vil kjenne på
    Eg er ikkje klar, la meg vera, i fred
    La meg vera
    Ver så snill
    Eg må få vera i fred, litt til, berre litt

    Som ein klump
    Ei valdsam greie, rett der
    I kanten av synet, rett der den kan kimtast
    Vil snu meg vekk, ikkje sjå, ikkje annerkjene
    Ignorerar klumpen, då går den nok vekk
    Eg veit den ikkje gjer det
    Men eg kan lære å leve med den, den blir meg
    Ein del av meg eg ikkje ser på
    Ein del eg går vekk frå
    Håpar ingen finner den, at ingen pirkar i den
    La den liggja, berre litt til
    Ver så snill
    La den liggja, ute av syne, litt til

    Berre litt
    Til

    ———

    #Dikt #Diktsamling #LitteraTut #Allheimen

  4. i orden

    eg ser folk som er glade hundar som lograr og grøne bladar

    eg ser par som feirar mødre som rødmar og fedre som klappar

    eg lukkar gardinane mine slik at eg slepper å sjå på ting som er i orden

    ———

    #Dikt #Diktsamling #Litteratut