home.social

#sikpol — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #sikpol, aggregated by home.social.

fetched live
  1. Det har vore mykje snakk om #atomvåpen det siste året eller så, men det er ikkje eit tema som er lett å dekke med ein tråd av 500-ords mikroblogg-innlegg. Så eg har tydd til eit litt lengre format for å formulere nokre tankar.

    Teksten min om kjernevåpen som dekning for konvensjonell krig og om problemet med å lite på andre sine «atomparaplyar» kan du finne her: warmedal.se/~wobbly/?rymden.no

    (Sjølvpublisert på #GeminiProtocol, men leseleg i nettlesar gjennom portalar som den over.)

    #NorskTut #SikPol

  2. Som @kallekn skriv i Sydsvenskan, er det likevel klart at Russland kjem til å bruke terroråtaket som påskott for eigen propaganda, undertrykking og kanskje også mobilisering. Det vil dei gjere uavhengig av kven som faktisk stod bak.

    mastodonsweden.se/@kallekn/112

    #SikPol #NorskTut

  3. Det har vore mange spekulasjonar om terroråtaket i #Russland denne helga. Det er alltid utfordrande å skilje sanning frå villeiing, og det blir ikkje enklare av at Russland er i krig og er kjende for propagandaen sin.

    Det vi har av informasjon i dag peikar korkje mot Kyiv eller Kreml. IS har tatt ansvar for åtaket, og som ISW skriv i analysen sin: IS prøvar å unngå falske påstandar for å bygge kredibilitet. Les den grundige gjennomgangen deira her: understandingwar.org/backgroun

    #SikPol #NorskTut

  4. Skremmande å tenke på at han som kan bli øvste politiske og militære sjef for vår viktigaste allierte, sjølve garantisten for #NATO, seier rett ut at han ikkje vil forsvare allierte som «betaler for lite».[1]

    [1]: nrk.no/urix/trump_-vil-oppford

    Ifølge NATO sine estimat for 2023 betyr det at Russland ville stått fritt til å invadere omkring to tredelar av alliansen. Det inkluderer fleire «små og uviktige land» som Noreg, Canada og Frankrike.[2]

    [2]: nato.int/cps/en/natohq/news_21

    #SikPol #NorskTut

  5. Eg gjekk visst glipp av at svenskane offentleggjorde dato og lokasjon for skaden på nettkabelen mellom #Sverige og #Estland i går kveld.

    Skaden skjedde nokre timar før skadane på #BalticConnector og nettkabelen mellom #Finland og Estland. Igjen samsvarar tid og stad med rutene til dei omtalde russiske og kinesiske lasteskipa «Sevmorput» og «Newnew Polar Bear» på veg inn til St. Petersburg.

    SVT: svt.se/nyheter/inrikes/misstan

    #SikPol #SäkPol #NorskTut

  6. #Finland namngav i går kveld to skip dei er spesielt interesserte i etter brotet på #BalticConnector: poliisi.fi/en/-/national-burea. Dei var ikkje blant dei fem Yle namngav, men det er lett å sjå korfor dei er interessante når ein ser på seglingsmønsteret: twitter.com/auonsson/status/17

    Ein kjapp sjekk viser at det kinesiske frakteskipet no ligg nord av Lofoten/vest av Tromsø, mens det russiske ligg rett nord for Tromsø. The Barents Observer har litt meir kontekst: thebarentsobserver.com/en/secu

    #NorskTut #SikPol

  7. Sverige har akkurat meldt at ein tredje kabel er skadd, denne gongen ein nettkabel mellom #Sverige og #Estland. Skaden er så langt ikkje nøyaktig tidfesta men skal ha oppstått i same tidsrom som dei to andre.

    Myndigheitene er sparsame med opplysingar og vil ikkje spekulere før det er etterforska, men det slår meg ikkje som veldig sannsynleg at tre kablar blir skadde på same tid. Det hadde vore eit helsikkes tilfeldig uhell.

    svt.se/nyheter/inrikes/forsvar

    #NorskTut #BalticConnector #SikPol #SäkPol