home.social

#storbritannia — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #storbritannia, aggregated by home.social.

  1. Åh, eg hadde gløymd kor treigt telenettet i #Storbritannia er. Fytti. Eg ble raskt påminna det når me kom opp av tunnelen frå Frankrike no.

    #Togtut #Togferie #Interrail

  2. I #Storbritannia er eg forøvrig nesten overbevist om at ein kan reise gratis så lenge ein har ein QR-kode på skjermen. Ikkje eit einaste togselskap klarte å lese koden til #interrail-billetten.

    Alle konduktørar scanna koden, men trykka vekk feilmeldinga på apperatet sitt i refleks.

    Ein konduktør visste å tulle med det, og ei handfull andre (be-)klaga over at det ikkje fungerte, men at dei så klart visste at me hadde gyldig billett, altså.

    #TogTut #FerieTut #ReiseTut #NorskTut #NynorskTut

  3. Vemodig å forlate #Storbritannia etter 17 dagar. Har vore ein flott plass å utforske med tog, mange gøye opplevingar. Båe planlagte og spontane.

    MEN!

    Retur under den engelske kanal tydar at me endeleg får brukbart telenett tilbake! Det har vore ustabilt dårleg gjennom heile besøket i Storbritannia. Kan ikkje hugse det var slik førre gong eg besøkte. Håpar for britanes del at det berre er Telia som har dårleg avtale.

    #ReiseTut #FerieTut #NorskTut #NynorskTut #Interrail #Eurostar #TogTut

  4. Be om rekning på restaurant. Få tildelt ein kvittering på eit fat. Sjå på kvitteringa. Vente til personen kjem tilbake att med bankterminal. Personen kjem tilbake. Perosnen trykkar inn totalten på terminalen sin. Eg tek mobilen inntil terminalen. Takk for meg.

    Det er visst kulturelt veldig viktig at det foregår slikt i Storbritannia. Det er uhøfleg å kome med bankterminalen tidlegare enn 5 minutt etter kvitteringa har blitt presentert.

    #NorskTut #NynorskTut #Storbritannia #Interrail

  5. Det er faktisk tomme hyller i UK. Grønnsaker og frukt. Guardian melder at «Epler og pærer er neste» og at «purre er også truet»

    #brexit #UK #storbritannia

    theguardian.com/business/2023/