#trondheimskonferansen — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #trondheimskonferansen, aggregated by home.social.
-
Kåre Pedersen, tillitsvalt på Tine Heimdal, fortel om røynslene arbeidsplassen hans hadde med 6-timars arbeidsdag.
Enormt inspirerande. Dei auka produktiviteten med 30 prosent, og halverte nesten sjukefråværet. Dei tilsette var svært fornøgde.
Det er synd å høyre at den nye leiinga gjekk tilbake på det. Arbeidarane fekk 13 år med ordninga, frå 2007 til 2020. Så var det slutt.
#tine #sekstimarsdag #fagrørsla #arbeidarrørsla #trondheimskonferansen
-
Leiaren i Handel og Kontor held tale for over 600 folk på #Trondheimskonferansen.
-
Forrige helg var eg på #Trondheimskonferansen med over 600 andre frå ulike fagforeiningar. Da vedtok vi fleire ting, mellom anna årets Trondheimsresolusjon.
Eg synst det vart eit godt dokument!
(og for øvrig vil eg oppmode alle faglege tillitsvalte om å melde seg på neste år!)
#norsktut #LO #fagrørsla #norskpolitikk #arbeidarrørsla
https://loitrondheim.no/nyliberalismen-et-angrep-pa-demokratiet/
-
På #Trondheimskonferansen tok Anders Ekeland frå til orde for "den grønne tusenlappen". Poenget er å tilbakebetale (ei auka) CO-avgift direkte tilbake til innbyggarane, kvar månad.
No har alle partia på Venstresida, pluss MDG og Venstre vedteke ulike variantar av ein sånn Karbonavgift til fordeling (KAF). Her er det mogleg å få til noko bra.
I 2019 skreiv eg artikkelen her, kor eg forsvarer same ordning. Eg synst han står seg!
#norsktut #miljø #KAF #venstresida
https://www.royst.no/post/karbonavgift-til-fordeling-siste-sjanse