home.social

#teikneseriar — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #teikneseriar, aggregated by home.social.

  1. RE: framapiaf.org/@davidrevoy/1165

    Og her er den nynorske omsetjinga av stripa denne veka: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    Eg har ikkje tipsa om stripene frå dei siste vekene, så her kjem det, litt forseinka:

    I episode 50 oppdaga eventyraren farane med lynreiser: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    I episoden før møtte han på manipulerande (interiør)design: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    På slutten av episode 48 kunne eventyraren kanskje minna litt om vår eigen Oskeladden, «som har slikt å gjera – har slikt å bera»: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    I episode 47 prøvde han lukka og utfordra skjebnen: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    Og i episode 46 fekk forkortinga KI ei ny tyding (iallfall i nynorskversjonen vår): peppercarrot.com/nn/miniFantas

    #teikneseriar #tegneserier #nynorsk #norsk #frikultur #norsktut #allheimen

  2. RE: framapiaf.org/@davidrevoy/1162

    Denne stripa var utfordrande å omsetja, då me ikkje har eit slikt «standard­spørsmål» på norsk (og spesielt ikkje med referanse til Monty Python eller annan populærkultur). Men eg synest me klarte å få til ei grei løysing, sjølv om ho vart litt annleis enn originalen. Døm sjølv: peppercarrot.com/nn/miniFantas

    #teikneseriar #tegneserier #nynorsk #norsk #frikultur #norsktut #allheimen

  3. David Revoy (@davidrevoy) har i dag lagt ut ein ny episode i den humoristiske og nydeleg teikna serien om Pepar og Gulrot, ei ung heks og katten hennar. Og eg og Arild Torvund Olsen har omsett episoden til #nynorsk: peppercarrot.com/nn/webcomic/e

    Veldig fin episode! Og han var ekstra gøy og utfordrande å omsetja, då det er ein song på rim med.

    Serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY 4.0).

    #teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse #peppercarrot

  4. Den nynorske versjonen av halloween-episoden til David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Mini­fantasy­teateret (#miniFantasyTheater) er no klar:
    peppercarrot.com/nn/miniFantas

    Sjå utdrag nedanfor. Heile serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0). Nynorsk­omsetjinga er gjort av Arild Torvund Olsen og meg.

    #halloween #teikneseriar #tegneserier #frikultur #nynorsk #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse

  5. Arild Torvund Olsen og eg har no omsett dei ti episodane i David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Mini­fantasy­teateret til #nynorsk: peppercarrot.com/nn/webcomics/

    Serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0). Alle episodane har òg detaljerte tekstskildringar (sjå knappen «Avskrift» under teikningane), slik at dei skal vera tilgjengelege for folk som er svaksynte eller blinde.

    #teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse