home.social

#stortingsval — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #stortingsval, aggregated by home.social.

  1. I kva kommune var dei ulike partia mest populære i årets #stortingsval? Her er ei oversikt.

    To parti – #Senterpartiet og #Arbeidarpartiet – oppnådde faktisk reint fleirtal i sine respektive kommunar, #Lom og #Årdal.

    Men at kommunen der #Venstre gjer det aller best, er #Bærum?! Det er nok ikkje urimeleg å mistenka taktisk stemmegjeving her …

    #valg2025 #val2025 #statistikk #stortingsvalg #allheimen #norsktut

  2. Finst det ein kommune som stemte omtrent likt som heile landet samla i årets #stortingsval?

    Nei, eigentleg ikkje. Viss me ser på gjennomsnittleg (absolutt)avvik i partioppslutning mellom kommunen og landet, er det #Tønsberg som kom nærast. Og viss me ser på kommunen med det minste største avviket for eit parti, er det #Vestby som kom nærast. Men avvika er likevel store, eksempelvis 2,3 prosentpoeng for #Senterpartiet.

    #politikk #norskpol #valg2025 #statistikk #val2025 #allheimen #norsktut

  3. valgresultat.no/valg/2025/st finn me tal på førehands­røyster heilt ned på vallokale­nivå. Er nokon vallokale ekstra populære for eit gitt parti?

    Ved å dela partiets oppslutning i vallokalet på oppslutninga i heile kommunen, får me eit tal som seier kor over­representert partiet er der.

    Eksempel for #Bergen og tre vilkårlege parti:
    SV: Student­senteret (2,3)
    Høgre: NHH-biblioteket (1,6)
    Frp: Telenor­bygget (1,5).

    #politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut

  4. Når eit parti over sperregrensa får *færre* distrikts­mandat til saman enn det ville fått om heile landet var eitt stort valdistrikt, har det rett på utjamnings­mandat. Men kva om det får *fleire*?

    Vel, me har ikkje negative utjamnings­mandat, så partiet får faktiske behalda alle dei «ekstra» mandata.

    Eg har rekna på det. I årets #val gjaldt det to parti: Frp fekk fire slike «ufortente» mandat, og Ap fekk tre.

    #politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut