#sosialisme — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #sosialisme, aggregated by home.social.
-
Æ e telbake fra den internasjonale ungdomsdelegasjonen tel #rojava og har mye å førrtell :blobfoxancomheart:
E i #oslo tel onsdag. Kem vil møtes og hør historia fra et revolusjonært anti-autoritært/anti-statlig/frihetlig/sjølorganisert grasrotdemokratisk kvinnefrigjøranes fleretnisk flernasjonelt #sosialisme samfunn?
PS æ treng også et sted å søv i Oslo-området natt tel onsdag, om nån har en sofa eller hengekøye æ kan lån :blobCatFriendly:
-
Johan Nygaardsvold var statsminister for Arbeidarpartiet frå 1935 til 1945. Han styrte altså landet både gjennom siste halvdel av dei harde 30-åra, og gjennom den andre verdskrigen. Spør du meg er Nygaardsvold den største statsministeren vi har hatt.
Grunnlaget for Nygaardsvold-regjerings var det såkalla kriseforliket, ein avtale mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet. Etter valet i 1933 vart Arbeidarpartiet største parti, men mangla likevel fleirtal på Stortinget. Likevel vart det etter kvart klart at det var mogleg å samarbeide med Bondepartiet. Tradisjonelt hadde Bondepartiet vore eit utprega borgarleg parti, som mellom anna sette inn Quisling som forsvarsminister nokre år før. Etter 1933 endra det her seg, da det vart tydeleg at Høgre og Venstre var lite villige til å gjera noko for bøndene som sleit under krisa. Det var derimot Arbeidarpartiet under Nygaardsvold opne for, og inngikk i 1935 ein avtale med Bondepartiet, som i praksis opna for at Arbeidarpartiet skulle få støtte som regjeringsparti, imot at Arbeidarpartiet langt på veg førte Bondepartiet sin jordbrukspolitikk. Det er forliket her som mellom anna har gitt opphav til dagens norske jordbrukspolitikk, med årlege forhandlingar mellom bøndene og staten om prisar og produksjon. I praksis vart det ikkje lenger lov for enkeltbønder å underby dei andre. Den frie marknaden har sjeldan fungert godt for jordbruket.
Same år som krisefoliket vart inngått, vart også hovudavtalen mellom Arbeidarane sin internasjonale landsorganisasjon (AFL) og Norsk arbeidsgjevarforeining (NAF) inngått. Hovudavtalen påla arbeidsgjevarane å godta at fagforeiningane sine tillitsvalte kunne opptre som representantar for arbeidarane kollektivt, og fagforeiningane måtte godta at det var arbeidsgjevarane som hadde styringsrett i næringslivet. Når ein tariffavtale var inngått i ein bransje eller ein bedrift, måtte begge partar akseptere denne gjennom avtaleperioden. Streik og lockout vart dermed regulert. Det er framleis hovudavtalen som er ryggraden i den norske samarbeidsmodellen.
I tillegg innførte Nygaardsvold fleire andre viktige tiltak:
- Alderstrygd med statleg støtte
- Arbeidsløysetrygd
- Ny arbeidarvernlov med klarare vern mot usakleg oppseeing
- Nye støtteordningar for fiskarar
- Utstrakt vegbygging for å få folk i arbeidNygaardsvold-regjeringa innebar ikkje nokon revolusjonær endring i Noreg, slik Arbeidarpartiet hadde prinsippfesta. I staden fekk ein byrjinga på dagens norske velferdskapitalisme, kor ein lèt kapitalismen halde fram mot at ein samstundes innførte ein del reformar for å bøte på dei verste sidene ved han. Det heng nok dels saman med at Arbeidarpartiet ikkje hadde fleirtal. Nygaardsvold sjølv var klar på at sosialismen ville komma den dagen Arbeidarpartiet hadde fleirtal på Stortinget. Det heng nok også saman med at ein var nøydd til å ha ein konkret krisepolitikk for å hindre at fascistane i Nasjonal Samling skulle få støtte hos dei arbeidslause og kriseramma bønder. Ein må heller ikkje gløyme at landet var i djup krise. 40 % av LO sine medlemmar var arbeidslause i 1932, og det var berre marginalt betre da Nygaardsvold tok over. Ein måtte ha eit "minimumsprogram", og ikkje berre gjenta at sosialismen var svaret på alle problem.
Etter 1945 har det nærmast gått sport i å kritisere Nygaardsvoldregjeringa for at Noreg stod så lite førebudd da krigen kom i 1940. Her meiner eg det er rom for å nyansere. Ja, det er riktig at Forsvaret ikkje var budd på krig, og at ein hadde kutta til beinet gjennom mellomkrigstida. Men hovuddelen av ansvaret ligg ikkje på AP, men på regjeringane som satt før 1935. Frå 1937 løyva faktisk Nygaardsvold-regjeringa enorme ekstraløyvingar til militæret, nettopp fordi ein såg kva veg det gjekk. Ein må dessutan ikkje gløyme at det var økonomisk krise, og at kvar krone til militæret var ei krone ein ikkje nytta på velferd eller å få folk i produktivt arbeid.
Det største problemet mitt med Nygaardsvold-regjeringa var haldninga til borgarkrigen i Spania. Her stilte Noreg seg på same side som Frankrike og Storbritannia, og hindra aktivt støtte til den demokratiske republikken som kjempa imot, og til slutt tapte mot fascismen. Her var det eit sterkt mindretal i AP som ønska ei anna linje, men dei vart nedstemt kvar gong.
Til tross for at ein ikkje var budd på krig, landa likevel regjeringa rett da Tyskland gjekk til åtak.Ein nekta å akseptere den tyske invasjonen, og i samråd med kongen landa ein på at ein måtte velje motstand framfor kapitulasjon.Da dei norske styrkane omsider måtte gi seg 10. juni 1940, valte regjeringa å halde fram med å koordinere motstanden frå London i staden. Det redda nok mykje av æra.
For meg er historia om Nygaardsvold ein fantastisk historie. Han kom frå ein husmannsplass, hadde ingen utdanning utover folkeskolen, men var truleg ein av dei største lesarane som har vore statsminister i landet. I samtida var han respektert som ein klok og røynd politikar, også utanfor sitt eige parti. Motsett av dei fleste politikarar i dag, hadde Nygaardsvold lang erfaring med ordinær lønnsarbeid, ikkje minst frå opphaldet i Samandsstatane frå 1902 til 1907, da han jobba som jarnvegsarbeidar medan familien var att heime i Hommelvik. Da han kom heim var kofferten hans full av bøker.
Historia om Nygaardsvold er historia om ein generasjon som vart politikarar fordi dei ville kjempe for den samfunnsklassen dei sjølv kom frå. Det var ei politisk rørsle som tok trugselen frå fascismen på alvor, og smidde alliansar der det var mogleg. Arbeidarpartiet under Nygaardsvold hadde store og framsynte målsettingar, og såg på reformene som steg på vegen dit. Dagens parti manglar alt det her. Om Arbeidarpartiet ikkje børstar støv av historia si, trur eg dei vil ende som mange andre av partia i den sosialdemokratiske familien.
(Biletet tok eg sjølv medan eg venta på bussen utanfor Folkets hus i Trondheim tidlegare i dag)
#Arbeidarpartiet #mellomkrigstida #Nygaardsvold #arbeidarrørsla #historie #Trøndelag #Hommelvik #kriseforliket #hovudavtalen #norsktut #sosialisme
-
Ayyy, detta seminaret om anarkisme, syndikalisme og frihetlig sosialisme i den norske arbeiderbevegelsen va super interessant :ancomheart: :blobfoxancomheart:
:blob_anar_raccoon:
Anbefala å se opptaket, det kjæm fleire i møteserien :blobfoxwhoaa:https://www.youtube.com/watch?v=ZDT61Kj5BiU
#norskTut #allheimen #anarkisme #anarkoSyndikalisme #sosialisme #demokrati #frihet #lo #arbeid #arbeider
-
Det er spennande å sjå kor godt #Raudt har gjort det dei siste månadene. Ikkje sidan perioden før Russland sin krig mot Ukraina har partiet hatt så sterke målingar over tid.
Det er fleire ting som er verdt å merke seg her:
1) Partiet har ikkje tapt oppslutning på å framstå som den mest samarbeidsvillige aktøren på det raudgrøne laget.
2) Partiet gjer det spesielt godt i grupper som partia på den radikale venstresida ikkje har vore sterke i på 50 år, nemleg dei som ifølgje valforskaren Johannes Bergh står "lavest på rangstigen". Det dreier seg om både om tradisjonelle industriarbeidarar i distriktskommunar, men ikkje minst om ufaglærte og dei som jobbar på golvet i helsesektoren, samt dei som mottar trygd. Raudt treff altså ein del grupper som har ei viss likskap med dei som ofte røyster på Framstegspartiet.
3) Partiet viser at den radikale venstresida har mykje å tene på å spisse profilen sin. I mange år var det typisk at liknande parti, inkludert Raudt sjølv, heile tida skulle meine like mykje (og sterkt) om absolutt alt. Ein greidde aldri å prioritere, så for veljarane vart det eit inntrykk av at ein sjølv også måtte "meine noko om alt" for å kunne røyste på dei. Sånn er det ikkje lenger.
4) Raudt har greidd å byggje opp ein sterk organisasjon kor lokallaga har meir makt enn det som er vanleg i andre parti. Absolutt alle lokallag har forslagsrett og representasjonsrett på landsmøte i partiet. Den "utsilinga" ein ser i andre parti, er mindre til stades i Raudt. "Grasrota" har derfor mykje makt.
5) Partiet har fleire tillits- og folkevalte som er respekterte langt utover partiet sjølv. Der kor dei færraste no greier å nemne særleg mange representantar frå SV, er fleire av Raudt sine stortingsrepresentantar som har vorte sjølvsagte autoritetar på sine felt. Eg trur det her har vore avgjerande for at partiet no jamnt over er nærmast dobbelt så store som SV.
Da eg vart med i Raudt i 2011, var det så vidt over 1500 medlemmar. Om ein gjekk på eit møte i Trondheim (kor eg budde), møtte ein dei same folka som var på møte førre gong. Dei same folka møtte også når det var fylkesårsmøte. Det var stor jubel da ein omsider fekk eit nytt lag utanfor storbyen. I dag er partiet representert i eit tosifra kommunar her i storfylket Trøndelag, med tilhøyrande lokallag med jamn aktivitet. På landsbasis er det over 15 000 medlemmar, eit tal som framleis aukar jamnt og trutt.
Det her tyder altså at partiet er heilt annleis enn da eg vart med. Den gongen var vi gjerne enten unge radikalarar, progressive intellektuelle, eller folk med fortid i ML-rørsla. I dag møter ein eit langt meir representativt utval av "det store arbeidande folket" i Noreg, for å låne eit Gerhardsen-omgrep.
Openbert fører det her med seg vaksesmerter. Det blir gnisningar og rørsle når så mange nye medlemmar kjem inn og møter det som no er eit mindretal som i årevis har vore vant med å vera i eit bittelite og yttarleggåande parti. Likevel synst eg partiet har greidd å halde på sjela si, og framleis har eit godt og radikalt program basert på den norske røyndomen. Eg trur dessutan at det er mogleg at Raudt, SV og Miljøpartiet dei grøne kan spele kvarandre gode, og ikkje vegetere på kvarandre, slik mange har vore redde for. Eg meiner dessutan oppriktig at Raudt står i ein langt betre posisjon til å stele veljarar frå Framstegspartiet enn dei to andre partia der. Det er veldig synd at så mange ålreite folk i den norske arbeidarklassen no trur tilhøva i landet blir betre med gjengen der ved rattet.
#norsktut #norskpolitikk #sosialisme #politikk #allheimen #arbeidarrørsla #venstresida
Velgerne strømmer til Rødt: – Når ut til hele landet -
Socialism is the only way to achieve social justice. There can be no social justice without socialism.
#sofiaflorina #ソフィアフロリナ #socialism #socialismo #socialisme #sosialisme #sozialismus #социализм #الاشتراكية #sosialismi #社会主義 #socialjustice #politics #economics #communism #socialist #socialists #communist #communists #social
-
RE: https://oslo.town/@marta/116645169708739954
Jeg skrevet mitt første #essay for den norske publikum i går; noe jeg er veldig stolt av. Vi trenger flere stemmer som kritiserer #vekst (#evig_vekst_nei_takk) i #Norge. #Sosialisme alene fikser ikke #klimakrise — #teknooptimisme fikser den ikke heller.
-
Kari Kristensen har skrive ein flott hyllest til arbeidsfolk i utelivsbransjen. Mange av dei står no i streik for tryggleik under sjukdom, og høgare lønn.
God første mai, folkens!
#arbeidarrørsla #1mai #norsktut #sosialisme #fagrørsla #streik
https://www.dagsavisen.no/kommentar/til-mine-4000-helter/10324841
-
"Kurdisk kulturforening i Bodø inviterer alle til å delta i en støttemarkering mot Syrias angrep på kurdere i Rojava.
Husker dere 2014?
Da kurdere ble angrepet av IS, mens verden så på. Nå gjentar historien seg."
Møt opp i Glasshuset i Bodø kl 18 i morgen mandag 26. januar!
https://www.facebook.com/events/1260154352624029/
#allheimen #bodo #norskTut #rojava #syria #kurdistan #nordland #demokrati #sosialisme #feminisme #antifascisme #frihet #fred
-
Kanskje bred, global investering i indexfond og aksjemarked ikke er forenlig med etisk adferd…? 🤔 Kanskje — hør meg ut, her — bare kanskje det er kapitalismen som er problemet? Så lenge det finnes en styrende mekanisme i samfunnet som belønner profitt og grådighet er det ikke mulig å organisere oss selv etter etiske prinsipper. https://www.nrk.no/ytring/stoltenberg-strammet-opp-venstresiden-1.17624041
-
Å vera toppsjef e ikkje hardt arbeid, det e ett privilegium. Det e som å sei at å bestilla mat på restaurant e ein form for arbeid.
-
@kartoffelmos Eg e lite interessert i produsent eide verktøy. Men eg kan vera interessert i å hjelpa om du endre modellen.
Isåfall må prosjektet:
. la verktøyet bruka fri lisens.
. ha idealiatisk gevinst.
. bruka grasrot finansierings modell.
. legga te rette for demokratisk kontroll.Om du kan dokumentera dette, så e eg villig te å spre det gode ord.
-
Om me ikkje støtte opp om ein ideologi, så støtte me allikavel den etablerte ideologien. Idag e dette nyliberalismen. Ett tankemønstar om at materiell rikdom betyr velstand, naturen må domineras, og ett løfte om evig vekst.
Å stå imot det etablerte e ikkje nok, me må samtidig stå for någe. Me må ha ein visjon. Uten det, så kan me ikkje sameinas.
-
Eg ønske å utvida min politikk.
I ein #oransje retning. Digital politikk, #teknoanarkisme, #menneskjenettet, #hagearbeid,
I ein #rød retning. Demokratisk økonomi, #antikapitalisme, #anarkisme, #sosialisme, #radikal
I ein #grøn retning. #klimahandling #xrstavanger, #hårfagre, #naturkrisa #dyr #plantar
I ein #regnbue retning. #frittuttrykk, #lhbt
I ein retning for #meistring kultur. #parktreff
I ein retning for å fremma bevissthet rondt språk. #esperanto #tokipona #skandinavsprog
-
Anarkisme bruke ofta fargene svart og rødt og generelt sett ein skummel aestetikk.
Kan dette vera med på å skremma vekk potensielle anarkistar?
-
Eg blei #radikal i 2018 forde eg såg at samfunnet vårt va ute av stand te å håndtera klimakriså sjøl om me hadde visst om kriså siden 1989. Samfunnet vårt e rotfesta i kapitalistisk og imperialistisk ideologi som ikkje bare på mest mulig effektiv måte ødelegge verden, men samtidig på den mest mulige effektive måten håndtere moststand mot systemet. Litt som tanke eksperimentet om Roko's Basilisk.
Me kan ikkje vinna om me jobbe med systemet.
-
Kapitalismen e avhengig av ett tankemønstar om at inntekt øke med arbeid. Men i realiteten e det heilt vilkårlig om kor møje du får for ditt arbeid. Någen kan sitta på rompå heile dagen og gjøra ingenting og få alt dei peke på (aksjonærar). Mens andre arbeide 12 timar, 6 dagar i ukå og har ikkje fritid (ein taxi sjåfør eg møtte).
Eg vil ikkje sei at inntekt øke med arbeid, men hellar med kor møje kapitalismen verdsette jobben ellar statusen din.
-
Artikkel om rasisme og fattigdom i Noreg. Dei intervjuar Hassan Dandoor frå Sudan som har søkt på 500 jobbar uten å ha fått intervju. Han er ofte avhengig av familie for å få økonomien til å gå rundt.
10% av befolkninga lev i hushald med vedvarande låg inntekt. To av tre barn som er i denne statestikken har innvandrarbakgrunn. Det er dårleg inkluderings politikk.
-
Sjekk desse plakatane. Veldig kjekt å sjå :) #sosialisme #klimaaksjon #klimarettferd #arbeiderrørsla #equitanic #sv #extinctionrebellion