home.social

#snodigmasto — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #snodigmasto, aggregated by home.social.

  1. Eg [etter 47 minutt framfor spegelen på kjøpesentertoalettet der eg har hausa meg opp for å orke å gå og k l a g e i butikken]:
    Orsak? Orsak meg, men DET VAR HOL I DESSE SOKKANE,

    Ekspeditøren:
    Oi, får eg sjå?

    Eg:
    :)

    Ekspeditøren:
    Det er der du puttar inn føtene.
    *ho viser med hendene*

    Eg:
    å

    #SnodigMasto #NorskTut #Allheimen #Fribygda

  2. ~🇳🇴NOREG`S SONGEN🇳🇴~

    [Mel. Trad.]

    🎶
    Tjoho for Noreg
    det er ein heilt grei plass å bu
    Hadde det ikkje vori for folka
    herregud så mykje rart det er
    Og mykje kan bli betre
    Ærleg tala skjerp dykk
    Men jau det er frykteleg pent her
    det er jo det
    Iallfall slik generelt
    Nokre plassar er sjølvsagt heslege
    Sætergrenda til dømes
    Jaja men læll då gitt
    🎶

    Gratulerer med dagen, om de feirer med joggebukse og gaming eller bunad og leikarring (eller alt ihop)💖

    #SnodigMasto #17mai #NorskTut #Allheimen #Fribygda

  3. heilt vilt godt døme på situasjon det hadde lønna seg å ha ein tverr liten odøling sittande med armana i kross i ein krok av møterommet og seie "DETTA NITTER ITTE!"

    heile setninga ville nok vori noko slikt som "DETTA NITTER ITTE! ĒR DI KLAR OVER Å MIE DETTA KØSTER? NĒJ DET KUNNE JĒ ALT TÆNKE MÆ! ÅKKEN ĒR DET DI MĒJNER SKÆR RØDDE OPP I 'NA DRÍTEN DØRES 'A? JOTAKK, DET ĒR FULL M Æ DET VĒJTTU! JULING SKU' DI HATT, MĒJR HÆLL' MAT, OG MAT SKU' DI FÅTT HĒJLE TI'A!"
    #SnodigMasto #Allheimen #Fribygda

  4. Kl.21:00 Neverlurkonsert

    Kl.21:30 Vi kødderinger til Riksmålsforbundet.

    Kl.22:00 Leikarring Battle Royale

    Kl.00:00 Dei overlevande syng Nordmannen for Raudekrossen

    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  5. Kl.14:00 Leikar:
    Fest halsskjegget på Ivar Aasen
    Kven sin gris er dette?
    Gjett dialekta til knotaren
    Ikkje lov å skratte av bokmåldiktet

    Kl.16:00 Middag: Det blir servert æljgraut med dulp (eller svopp) til dei vaksne og smalahovud i lompe til ungane

    Kl.18:00 Vi ser gamle episodar DERRICK

    Kl.20:00 Leikar:
    Hoppe bukk med ekte geitebukkar
    Stilletevling
    Rævkrok til dauden
    Stev-off

    -->
    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  6. ~PROGRAM for NYNORSKDAGEN~

    Kl.07:00 Morgonstund med allsong

    Kl.07:02 Legge seg litt att

    Kl.08:45 Morgonstund med allsong
    (nytt forsøk)

    Kl.09:00 Aggfrukost med mumling

    Kl.10:00 Seremoniell hytting mot grannebygda

    Kl.11:00 Skuling i pinleg stille

    Kl.12:00 Kaffirast med slurping

    Kl.12:30 Twerkarring kring Aasen-bysta

    -->
    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  7. [eg blir vald til pave]

    Konklavet:
    Har Dykkar Heilagnad vald kva paveleg namn De vil bere i gjerninga?

    Eg [kry]:
    Jau! Sjå på lappen :)

    Konklavet:
    Å... Åh, hehe, Dykkar Heilagnad spøker :)

    Eg:
    Øh... nei?

    Konklavet:
    Men-- det De har køla ned på denne krøllete lottokupongen går ikkje.

    Eg:
    men-- det er jo eit kristeleg namn? med rike tradisjonar? vel kjend i kyrkja?

    Konklavet:
    Jau... jau, men De kan ikkj--

    Eg:
    ER DET NOKO GALE MED JESUS II AU NO!!!

    #SnodigMasto #LEOXIV #Allheimen #Fribygda

  8. t e n k om eg hadde vori frå hordaland, de

    då måtte eg hatt @ vossatussen eller noko som handle

    noko å tenke på
    #SnodigMasto #Allheimen #Fribygda #NorskTut

  9. Sannsynlege årsakar når eg legg inn årene:

    1. For dum
    2. For schtøgg
    3. Nokon bankar på
    4. Græt meg i hel
    5. Kroppen avviser meg
    6. Spidda på Det Leie Dørhandtaket
    7. Mobilbatteri under 60%
    8. Svale gjennom huggu
    9. Gløymer å ete
    10. Huggu dett av
    #SnodigMasto #NorskTut #Allheimen #Fribygda