home.social

#reisetut — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #reisetut, aggregated by home.social.

  1. I dag var me på #Stortinget for fyrste gong. Fekk med oss eit par innlegg på spørretime.

    Det var overraskande stas å få vera der og sjå prosessen. Samtidig meget frustrerande når statsrådar unngjekk å svare på spørsmåla dei faktisk fekk.

    #Oslo #ReiseTut #NorskTut

  2. I grunn brukte me fire vekar og to timar på å bytte perrong frå avbileta venstre her til den avbileta høgre. Lang omveg via Inverness i nord av Skottland.

    For ein tur! Tidenes ferie. No må eg finne ut av kva kvardags-Markus skal tute om.

    #FerieTut #ReiseTut #Interrail #TogTut #NorskTut #NynorskTut #Bergensbanen

  3. Når me forlot Oslo S påstod toget det var 28 gradar. Me antok det målte temperaturen i direkte solljos på utsida av vogna.

    No er me på Gol, fjella skuggar for sola, me er 207 meter over havet, og toget påstår det nærmar seg 50 gradar celsius.

    Bra det er aircondition på toget. 🥵

    #TogTut #ReiseTut #FerieTut #Bergensbanen #NorskTut #NynorskTut #Interrail

  4. No som me er i Hamburg er jo den avslappande delen med #interrail ferdig. No startar buss-for-tog, kansellerte stopp som egenleg ikkje er kansellerte, og togstrekk utan moglegheit for setereservasjon.

    No kjem den nervepirrande norden!

    #ReiseTut #FerieTut #TogTut #NorskTut #NynorskTut

  5. I #Storbritannia er eg forøvrig nesten overbevist om at ein kan reise gratis så lenge ein har ein QR-kode på skjermen. Ikkje eit einaste togselskap klarte å lese koden til #interrail-billetten.

    Alle konduktørar scanna koden, men trykka vekk feilmeldinga på apperatet sitt i refleks.

    Ein konduktør visste å tulle med det, og ei handfull andre (be-)klaga over at det ikkje fungerte, men at dei så klart visste at me hadde gyldig billett, altså.

    #TogTut #FerieTut #ReiseTut #NorskTut #NynorskTut

  6. Vemodig å forlate #Storbritannia etter 17 dagar. Har vore ein flott plass å utforske med tog, mange gøye opplevingar. Båe planlagte og spontane.

    MEN!

    Retur under den engelske kanal tydar at me endeleg får brukbart telenett tilbake! Det har vore ustabilt dårleg gjennom heile besøket i Storbritannia. Kan ikkje hugse det var slik førre gong eg besøkte. Håpar for britanes del at det berre er Telia som har dårleg avtale.

    #ReiseTut #FerieTut #NorskTut #NynorskTut #Interrail #Eurostar #TogTut

  7. Riksgrense-området mellom Norge og Sverige på #Ofotbanen. Grense dratt gjennom #Sápmi i 1751. Bilde tatt i området Ábeskovva (sjøskogen), som på svensk/norsk kalles "#Abisko." Fjellformasjonen th er Čuonjávággi (gåsdalen) som svenskene kaller "Lapp-porten."

    #ReiseTut #NorskTut #sami

  8. På 1600-tallet lå det et fort på Cabo da Roca. Historiske nedtegnelser indikerer at det spilte en viktig rolle i å forsvare innseilingen til Lisboa havn.

    Fyrtårnet på Cabo da Roca er fra 1772.

    Vær gjerne med på å spre litt reiseglede ved å dele reisebilder med emneknaggen #reisetirsdag

    #Reisetut #Norsktut #CaboDaRoca #Portugal

    🧵2/2