Eg har laga eit lite skript som brukar data frå #Nynorskordboka til å finna alle ord som er nært relaterte til eit valfritt ord. Kan vera synonym, men òg andre nærskylde ord. Eit oppslag på «journalist» vil for eksempel gje orda «skribent» og «bladfyk», men òg ord som «avis» og «penn» og uttrykk som «ha ein god penn». Oppslag på «jazz» vil gje blant anna «improvisasjon» og «synkopere».
De finn skriptet her: https://gitlab.com/huftis/finn-relaterte-ord
#språk #norsk #nynorsk #bokmål #ordbøker #norsktut #allheimen