home.social

#nynorskdagen — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #nynorskdagen, aggregated by home.social.

  1. Gratulerer med #nynorskdagen!

    (Eg knabba eit lite segment frå mållaget sin Facebook-feed, sidan dei ikkje er på Mastodon.)

    #Nynorsk #NorskTut

  2. Kl.21:00 Neverlurkonsert

    Kl.21:30 Vi kødderinger til Riksmålsforbundet.

    Kl.22:00 Leikarring Battle Royale

    Kl.00:00 Dei overlevande syng Nordmannen for Raudekrossen

    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  3. Kl.14:00 Leikar:
    Fest halsskjegget på Ivar Aasen
    Kven sin gris er dette?
    Gjett dialekta til knotaren
    Ikkje lov å skratte av bokmåldiktet

    Kl.16:00 Middag: Det blir servert æljgraut med dulp (eller svopp) til dei vaksne og smalahovud i lompe til ungane

    Kl.18:00 Vi ser gamle episodar DERRICK

    Kl.20:00 Leikar:
    Hoppe bukk med ekte geitebukkar
    Stilletevling
    Rævkrok til dauden
    Stev-off

    -->
    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  4. ~PROGRAM for NYNORSKDAGEN~

    Kl.07:00 Morgonstund med allsong

    Kl.07:02 Legge seg litt att

    Kl.08:45 Morgonstund med allsong
    (nytt forsøk)

    Kl.09:00 Aggfrukost med mumling

    Kl.10:00 Seremoniell hytting mot grannebygda

    Kl.11:00 Skuling i pinleg stille

    Kl.12:00 Kaffirast med slurping

    Kl.12:30 Twerkarring kring Aasen-bysta

    -->
    #SnodigMasto #Nynorskdagen #NynorskTut #Allheimen #Fribygda

  5. Eg skriv #nynorsk!

    Eg vaks opp med bokmål som hovudmål, men bytta mens eg gjekk på vidaregåande skule. Det var eigentleg berre for å øve til eksamen, men her sitt eg, 14 år seinare, med ein utgitt trilogi på nettopp nynorsk.

    #Nynorskdagen #NorskTut #Allheimen #UdugelegeHeltar #Forfatter