#midtøsten — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #midtøsten, aggregated by home.social.
-
I den kontroversielle Balfour-erklæringa frå november 1917 erklærte britane at dei støtta opprettinga av ein nasjonalheim for det jødiske folk i Palestina.
Brevet var datert 2. november, ein fredag, men vart først publisert i The Times veka etter, fredag 9. november. 105 år sidan i dag. Den vart ikkje publisert i Palestina med det første.
I Noreg kom nyhenda tysdag 13. november, og først ute var den konservative sørlandsavisa Vestlandske Tidende.