#kortspel — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #kortspel, aggregated by home.social.
-
#TheMind er eit skikkeleg rart spel! Det ser så enkelt og beskjedent ut, men er utruleg engasjerande og nervepirrande.
Spelet er berre ein kortstokk med tala 1 til 100. Alle får utdelt eit bestemt tal på kort, og målet er så rett og slett berre å leggje korta ut i stigande rekkefølgje. Tvisten er at det ikkje er lov å snakke eller på anna vis kommunisere kva du har på handa.
Og det er råspennande!