#gitar — Public Fediverse posts
Live and recent posts from across the Fediverse tagged #gitar, aggregated by home.social.
-
#NGD (ny #gitar-dag), truleg ein av dei siste på lenge. Eg har med dette runda finn, og kjøpt att nettopp den same gitaren (ein Reverend Buckshot) som eg selde for nokre år sidan, noko eg angra på. Eg er sjølvsagt ikkje spesielt stolt av historia - det har vore for mykje kjøp og sal - men trøysta er at det har vore ca. eit nullsumspel. Eg kjøpte denne for om lag det same som eg selde han for. Og det gjekk bra til slutt. Moralen er: Har du ein Reverend, så hald på han. Dei er gode.
-
(English below) I dag er det #NGD, eller for uinnvigde: ny #gitar-dag. Eg bytte bort ein raud Squier strat mot denne lekre saken. Hei Delecaster! DiMarzio-mikkar, god hals og elektronikk. Fireposisjons brytar. Eg trur eg likar han godt!
Today is NGD (for the uninitiated: new #guitar day). I swapped a red Squier pro tone strat for this handsome thing. Hello Partsotele! DiMarzio pickups (yes, the Richie Kotzen combo), good electronics & neck, 4-way switch. I think I like it.