home.social

#fribygdemammaer — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #fribygdemammaer, aggregated by home.social.

  1. Kameratar! Fleircella organismar! Sambygdingar!

    Mange av oss har, kjenner, eller er ein ✨MAMMA✨ - takk og lov! Mammavirket er ein beinhard jobb, men kvar einaste dag går dei læll på, desse tapre få, med krum nakke, oppbretta ermer, innbiten pragmatisme, imponerande tolmod, ukueleg optimisme og ei sareptakrukke av kjærleik og moro.

    Verdast største kos og heilt vilt entusiastisk gratulerer med morsdagen til @ciamaria, i takksemd ❤️
    #Norsktut #allheimen #fribygda #Fribygdemammaer #Morsdag