home.social

#nfrbr — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #nfrbr, aggregated by home.social.

  1. Kona mi, akkurat idet eg hadde satt opp årets excel-ark for å sjå OL-medaljer, rangert på antal, antal/M innbyggjarar og antal per GDP per capita:

    – Du har ikkje mekka eit excelark igjen, har du?

    #NFRBR

  2. Dette (norskutvikla) spelet om å tene pengar for sjefen din med lure formlar i Excel-ark kan truleg bli Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark sin maskot: store.steampowered.com/app/296 #NorskTut #SpillTut #NFRBR

  3. Dette (norskutvikla) spelet om å tene pengar for sjefen din med lure formlar i Excel-ark kan truleg bli Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark sin maskot: store.steampowered.com/app/296 #NorskTut #SpillTut #NFRBR

  4. Dette (norskutvikla) spelet om å tene pengar for sjefen din med lure formlar i Excel-ark kan truleg bli Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark sin maskot: store.steampowered.com/app/296 #NorskTut #SpillTut #NFRBR

  5. Om eg nokosinne skriv ein autobiografi skal dette vere omslaget. #NFRBR

  6. Eit samla styre i Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark går éinsstemmig sterkt ut mot å gjere rekreasjonell utrekning _medan_ ein køyrer bil nrk.no/mr/john-georg-brandtzae #NFRBR #NorskTut

  7. No byrjer desse algoritmene å bli sjukt nøyaktige her… #NFRBR

  8. Eit norskprodusert spel basert på skaparens forkjærleik for spreadsheets? #NFRBR (Norsk foreining for rekreasjonell bruk av rekneark) støtter dette heilhjarta.

    Trailer for #SpreadCheat: youtu.be/YiCiwvueJag #SpelTut

  9. @gaski #NFRBR strikes again. Eg gidd ikkje lage ein indeks for vaffelprisen (for få datapunkt) eller trunkere x-aksen (ugh!), men trenden går ikkje RASKARE enn KPI, iallfall, og den verkar å følgje ganske greit – følg heller nøye med når/om KPI dempar seg ytterlegare.

    Venstre X-akse er pris, så med denne farten (gitt uavhengig frå KPI) kan du forvente ein vaffelpris på 21 ved utgangen av 2027. Høgre X-akse er KPI-kaosmagi.

    Edit: Oppdatert graf, eg hadde mista siste datapunktet.

  10. (Vekta*) Medaljer per innbyggjar** i Paris-#OL.

    * I vektinga er gull 3, sylv 2, bronse 1
    ** WPP(FN)-antakingar for 2024 #NFRBR

    Edit: Taiwan var feil i første versjon, riktig i ny versjon.

  11. Etter nokre dagar: Topp 10 i #OL, etter medaljer per BNP per capita* (med litt vekting**). Nord-Korea øvst, Kina like bak, så Uzbekistan på bronse.

    * 2022-WPP-tal på BNP frå FN,
    ** vekta arbitrært gullmedaljer verdt 3, sylv verdt 2, og bronse verdt 1. #NFRBR

  12. Eg veit de alle har venta på det: Her er topp 10 etter første heile dag i OL, etter medaljer per innbyggjar* (med litt vekting**). Fiji øvst, Mongolia nummer to, Australia på tredje.

    * 2024-WPP-antakingar på folketal frå FN,
    ** vekta arbitrært gullmedaljer verdt 3, sylv verdt 2, og bronse verdt 1. #NFRBR

  13. @olemd Excel sheets don’t kill people, people kill people! #NFRBR

  14. Eg trenger ein formel som matcher namnet i kolonne A i Ark1 med namnet i kolonne A i Ark2 og sjekker kor mange gongar kolonne B i Ark2 seier "No" når det er ved sidan av ein match i kolonne A mellom arka – og så skal den returnere antalet.

    Målet er å vite kor mange av eit sett med nøklar som er utlånt. Ark1 er "databasen" over nøklar, Ark2 er utlånsregister.

    Eg trur eigentleg det kan gjerast enklare enn eg er på veg inn i, men eg har køyrd meg litt fast. #NFRBR

  15. Excel-gudar, stå meg bi – eg er på veg inn i det eg trur blir ei IFS-løkke med både VLOOKUP og COUNTIF inni. Hjelp! #NFRBR

  16. Eg er usikker på om dette er den beste samanlikninga, men eg synest då iallfall at det ikkje viser noko radikal auke samanlikna med kor mange vi er i landet (sjølv om trendlinja sidan 2013 er bratt): nrk.no/vestland/regjeringsappa

    Grafen er min, med folketalsdata frå aktuelle kvartal i SSB og frå tidspunkta i grafen i artikkelen.

    #NorskTut #NFRBR

  17. Dette var tre dagar sidan, dei har ikkje ringt meg enno. #NFRBR

  18. @vegard_berget @aagot Her er alle gode kandidatar til mitt planlagde stiftelse Norsk Interesseorganisasjon for Rekreasjonell Bruk av Rekneark, skjøner eg. #nfrbr

    Edit: Når eg ser etter ser eg at eg og Vegard har snakka om dette før…

  19. @tanketom @baggetun men jeg vil anta at det er ganske stor overlapp mellom vedtektsnerder og #NFRBR, så vedtektsdebatten vil nok være lang allikevel

  20. @vegard_berget @baggetun Eg brukar innimellom #NFRBR, eller Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark – ei stifting som eg har eit ganske bra utkast til vedtekter for…

  21. Den veldig vitskaplege variabelen "Er kurvane for prisen i kroner og forbruk i kWh borti kvarandre?" er denne månaden positiv for første gong sidan juli 2021, som vil seie at pris per kWh er lågare enn på lenge (i mitt reknskap). #NFRBR

  22. Det kan vere dette må bli den første e-sporten eg kjøper merch frå… #NFRBR

  23. Medaljeoversikt i VM i norske ski-greiner sålangt. Noreg har fleire gull enn resten til saman, og like mange medaljer som 2. og 3. plass til saman. #NFRBR #SkiVM

  24. Eg har eigentleg berre eitt problem med den nye straumstøtta, og det er at det vil bli mykje meir pes å førehandsutrekne kor mykje støtta vil vere på med formlar i Det Stor Straum-Reknearket mitt. Blir vel til at eg går over til kun bakoverskuande oversikt over straumstøtte. #NFRBR #Strøm

  25. @Silhelm Dette minner meg på at eg tenkjer å starte Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark. @Lindis #NFRBR

  26. Ein har jo vore flink til å spare #straum i år, det må det jo vere lov til å seie.

    (Desembertal er tom. 28. desember, men landar nok bittelitt over 400 kWh til slutt.) #NFRBR

  27. Og berre fordi eg er eg (og sit heime og er sjuk og kjeder meg):

    Temperatur og snødekke og -nedbør i #Bergen – med trendlinjer. Høg stjerne = snø på julaftan, låg stjerne = ingen snø på julaftan. #NFRBR

  28. Alt teke i betrakting, og sjølv om husstanden truleg hadde "tent" endå meir på ei flat tilbakebetaling, så er eg ganske glad for straumstøtta vi har. Desember 2022 er under utvikling, naturleg nok.

    (Dette er mi utrekning frå mine forhold og avtale, ikkje noko universelt for Noreg eller vestlandet.) #NFRBR

  29. Varm #november fører til lågare straumbruk enn vanleg for månaden. Fjernvarme (som fungerar godt hjå oss, med mindre det blir særleg kaldare enn 4-5 grader) betalar seg. #NFRBR #straum