home.social

#spraknerd — Public Fediverse posts

Live and recent posts from across the Fediverse tagged #spraknerd, aggregated by home.social.

  1. -de la petolanta liberecano

    Føreord

    Det grøne skrømtet har igjen innteke bokkaféen, men denne gongen er det ikkje absynt som er på menyen, men esperanto! Dette skrømtet har inspirert mange på bokkaféen (eller «la librokafejo» som eg kallar det) til å lære seg språket esperanto, til eit punkt kor ei lita gruppe har danna seg, og inviterer no til sosiale samvær på la librokafejo de Ivaro Matlaŭso, for ein grøn eftan: aŭ verda vespero por esperantistoj kaj niaj kameradoj!

    Esperanto er eit konstruert språk, som vart laga av L. L. Zamenhof på slutten av 1800-talet. Idéen var å eine folk i vide verda frå ulike land og kulturar, som ofte ikkje hadde høve til å prata med kvarandre, di dei mangla eit felles språk. Esperanto skulle vera eit felles språk, eller lingua franca, for folk internasjonalt. Mange millionar av folk har lært seg språket gjennom tidene, og det finst morsmålstalarar den dagen i dag.

    Mange vil nok prøve seg på Duolingo-kurset, eller finn ut om esperanto via Duolingo, som er fint det ogso, men å få inn grammatikken og dei grunnleggjande reglane er viktig det ogso! Difor kjem eg med ein minigrammatikk for esperanto, so får de ein kortversjon av det viktigaste! Du vil fort finne ut at esperanto er eit nokso enkelt språk å lære seg, og her vil eg røre inn på det viktigaste. Mykje er enno ikkje teke med, men kan nok koma i nær framtid. Denne bolken har med staving/alfabetet, personlege pronomen, substantiv, adjektiv, adverb og verb.

    Informasjonen i denne artikkelen er henta frå Norsk Esperanto-Forbund sin «minigrammatikk», især rekkefylgje av kapitla; informasjon frå den engelske Wikipedia-artikkelen «Esperanto grammar»; ulike oppslag på engelsk Wiktionary for dobbelsjekking av staving/bøying (all etymologi er henta frå Wiktionary); og er bygd med førkunnskap om esperanto, språk/lingvistikk og grammatikkbøker.

    Fortkortningar: bm. = bokmål; osv. = og so vidare.

    Ortografi

    Alfabetet

    a   b   c   ĉ   d   e   f   g   ĝ   h   ĥ   i  

    j   ĵ  k   l   m   n   o   p   r   s   ŝ   t   u   ŭ   v   z

    Vokalane

    Vokalane er uttala slik ein hadde venta på norsk, med unntak av o og u. O vert uttala slik som å på norsk, og u vert uttal som o på norsk. (i ord som bok). Diftongar som ei skriv ein som ej, og diftongar som au vert skrive som .

    Konsonantane

    Konsonantane uttalar ein generelt som ein gjer på norsk, med nokre unntak og tillegg. Som du kan sjå, har det esperantistiske målet 6 ekstra-konsonantar. C uttalar ein som ts, og Z som ein stemt s (z-ljoden). 

    Ekstra-bokstavane er slik:

    • Ĉĉ [t͡ʃ]: uttalar ein som tsj.
    • Ĝĝ [d͡ʒ]: som engelsk gin
    • Ĥĥ [x]: som ch i Loch Ness.
    • Ĵĵ [ʒ]: stemt sj, som engelsk vision.
    • Ŝŝ [ʃ]: som sj i sjø.
    • Ŭŭ [w]/[u̯]: I nokre høve w-ljod, i diftongar som ein slags u-ljod.

    Endingane

    • O: Alle substantiv endar på o.
    • A: Alle adjektiv endar på a.
    • E: Alle adverb endar på e.
    • I: Alle pronomen endar på i.
    • J: Fleirtal av substantiv & adjektiv.
    • N: Akkusativ av pronomen, substantiv & adjektiv.

    Fleirtal -j & akkusativ -n

    Substantiv og adjektiv kan bøyast i fleirtal med endinga -j. Domo (eit hus) vert difor til domoj i fleirtal. Døme på fleirtal: La roĝaj floroj (dei raude blomane); La rapide ĉevaloj havas longajn vizaĝojn (dei raske hestane har lange fjes).

    Akkusativ er objektet av ei setning. På norsk ser vi dette i ordformene meg, deg, oss osv., men i esperanto ser vi det med substantiv og adjektiv i tillegg til pronomen. Døme: Mi ŝatas ĉevalojn (eg liker hestar); Mi amas vin (eg elskar deg).

    Pronomen

    Pronomen er slike ord som eg og du; ord som vert nytta framføre substantiv. Pronomen på esperanto har ei rot med -i. I denne ordklassa har vi 2 tal, 3 personar, og 3 kasus. Dei 2 tala er eintal og fleirtal; dei 3 personane er fyrste (eg), andre (du), og tredje (det) person; og kasusa er subjektform (eg), objektform (meg) og eigeform (min).

    Alle pronomen får -n i akkusativ og -a i genitiv (eige). I tillegg kan ein bøye eigeforma som vanlege adjektiv, med endingane -an, -aj og -ajn. Døme: mi havas vian telefonon (eg har telefonen din); miaj domoj (mine hus); mi vidas viajn hundojn (eg ser hundane dine).

    Fyrste person

    På esperanto so heiter eg for mi, og vi for ni. For meg og oss får ein min og nin. Min og vår vert mia og nia. Mi har samanheng med meg, og ni har samanheng med fransk nous og spansk nos.

    Andre person

    På esperanto heiter både du og de (bm. dere) for vi. Deg og dykk (dere) vert vin. Din og dykkar (deres) vert via. Vi har samanheng med fransk vous og russisk вы (vy).

    Tredje person

    På esperanto heiter ho (bm. hun) for ŝi, han for li, hen for ri, og det/den for ĝi, og so heiter dei (bm. de) for ili.

    Oversyn

    1. person2. person3. personNominativmiviŝi, li, ri, ĝiAkkusativminvinŝin, lin, rin, ĝinGenitivmiaviaŝia, lia, ria, ĝiaNominativniviiliAkkusativninvinilinGenitivniaviailia

    Substantiv

    Substantiv er ord som hund, mann og bord, som vert hundo, viro og tablo på esperanto. Desse orda endar alltid på -o. I motsetjing til norsk, har esperanto ingen grammatiske kjønn. Det heiter la i bunden form for alle ord; so «ein hund/hunden» vert berre «hundo/la hundo». Substantiv vert bøygde i 2 tal og 2 kasus: eintal og fleirtal, og subjekt og objekt. Tak dømet nedanfor, stelo, som er esperanto for stjerne.

    EintalFleirtalNominativSteloStelojAkkusativStelonStelojn

    Adjektiv

    Adjektiv er ord som grøn, stor og trist, som vert verda, granda og malfeliĉa. Det er ord som skildrar ting og konsept. Desse orda endar alltid på -a. Dei vert bøygde etter substantivet slik som på norsk. Dei har 2 tal og 2 kasus, slik som substantiva. 

    Antonym vert forma med prefiksen mal-, som malgranda (liten) frå granda (stor). 

    Komparativ og superlativ av adjektiv og adverb vert forma med pli (meir) og plej (mest): Pli granda (større), plej granda (størst).

    Adverb

    Adverb er ord som raskt, godt og høgt, som vert rapide, bone og alte. Det er ord som skildrar handlingar. Desse orda endar alltid på -e. Orda vert ikkje bøygde. 

    Antonym kan ogso verte forma med mal-, malrapide (tregt) frå rapide (raskt).

    Døme på adverb: mi kuras rapide (eg spring fort); mi fartas bone (det går bra); mi saltas alte (eg hoppar høgt).

    Verb

    Verb er ord som vera, fara og eta, som vert esti, iri og manĝi. Desse orda er handlingar. Dei endar på -i i infinitiv. Verba kan bøyast i tre tider: notid, fortid og framtid. Esperanto har ingen uregelrette verb.

    Dei tre tidene:

    • -as notid: Mi estas virino (eg er ei kvinne); mi manĝas vespermanĝon (eg et middag); mi havas hundon (eg har ein hund).
    • -is fortid: Mi saltis alte (eg hoppa høgt).
    • -os framtid: Mi manĝos picon sabate (eg skal eta pizza på laurdag).

    https://brakmakern.no/2024/04/04/la-verda-spirito-alvenis-al-la-librokafejo-malgranda-gramatiko-ei-lita-mallaere/

    #anarkisme #duolingo #Esperanto #gramatikk #grønEftan #grønnAften #grøntSpøkelse #linguistikk #mål #mållære #ortografi #språk #språkforskning #språknerd #språknerderi

  2. -Lumi B

    Ein kort guide til midlandsnormalen

    Du hev kanskje undra på kva greia med namnet til Ivar Matlaus-bokkafé var. Ivar Matlaus. Kven var han Ivar? Kort sagt: Ivar Mortensson-Egnund — som han heit — var ein folklorist, målmann, okkultist, prest og venstremann. Eit spennande og eksentrisk menneske, kann ein godt segja. Han var nokso språkinteressert; Han hadde sterk interesse i både norrønt og dei gamle kvædi, og var den fyrste til å omsetja Edda til norsk.

    Han utgav fleire bøkar på eit nokso gamalvori og dialektalt mål, som minte mykje meir om kvædemåli og midlandsmåli, enn det gjorde tradisjonell landsmål. Midlandsnormalen het dette skriftspråket.

    Midlandsnormalen var ein variasjon av nynorsk på tidleg 1900-tal, som hadde deilvis offisiell status, og vart utforma av Rasmus Flo og Arne Garborg. Dei gav ut boki Midlandsmaal, som viste på yviflata korleis ein skriv på denne normalen. Liti litteratur vart gjevi ut på midlandsnormalen, og normalen vart fort gløymd og fyrlatin ut yvi 1910-talet.

    Olav Aukrust, Arne Garborg, Hulda Garborg, og Ivar Mortensson gav ut fleire bøkar på denne normalen. Du er kann hende kjend med Norsk Klædebunad og Heimestell av Hulda Garborg, Haugtussa og Bondestudentar av Arne Garborg, eller Emne av Olav Aukrust.

    Ordvalet og endingane ber preg serleg av målføri frå Øvre-Telemark opp til Nord-Gudbrandsdalen, men du vil sjå mange fellestrekk med austlandsk elles og trøndersk. Kann hende dette kann resonnere litt med trønderane som les dette.

    Dette er ogso den typen nynorsk som hev inspirert meg mest dei siste åri, som eg hev til tidir tilnærma meg. Då fær du kanskje lært litt kva som hev inspirert mi glede med å leike med språk, og kanskje du let deg inspirere, eller i minsto lærer noko nytt.

    Ortografi

    Eit trekk du kjem til å leggje merke til ganske fort, er at dei var veldig glade i vokalane i og u, og dessutan droppa T-ane ein ikkje uttalar. Å ende ord på i er noko som var ganske typisk fyr nynorsk fyrr, men MN tek det ofte steget vidare. Ein ser ofte endingar som -in eller -ir.

    Ljodbrigde (i-omljod)

    A > E: Mann, mennar; Lang, lengre.

    Å > Æ: Tå, tær; Låg, lægre.

    O > Ø: Bok, bøkar; Stor, større.

    U > Y: Mus, mysar; Ung, yngre.

    Jo/Ju > Y: Ljuge, lyg; Mjuk, mykje.

    Ein hev ogso u-omljod, eller hardt ljodbrigde, som inneber at A-ar vert til O. Døme: Born, fleirtal av barn; Onnor, hokyn av annan; Tonn av tann; Sogu, eigenleg kasusform av saga.

    Kort om kasus

    I omsetjingar av eldre dikt, so vert dativ sporadisk nytta i midlandsnormalen. Men elles er det ofte nytta i faste uttrykk, som endingane -o og -om. Fyr longo, på nyo, i eino. Dativ i kvæde hadde nokon gongir eit meir fullstendig system, serleg om det er ei omsetjing frå norrønt. I samansetjingar kann ein ofte finne -a- og -u- frå gamle genitivsformer, og so nyttar ein ofte ord som dagsens eller landsens; -sens er ei gamal genitivsending.

    Pronomen & determinativ

    Ein skriv honom i objekt fyr han, de i staden for det, og me framfyri vi. Ord som eigen og ingen heiter eigin og ingin, og er bøygde slik: eigi/eige og ingi/inkje. I tillegg finst hokynsbøygjingane nokor og onnor; Formi ingor finn me dessutan hjå Olav Aukrust.

    Substantiv

    Hankynsord

    • Dag — Dagen — Dagar — Dagane
    • Lykil — Lykilen — Lyklar — Lyklane
    • Bakke — Bakken — Bakkar — Bakkane
    • Bekk — Bekken — Bekkir — Bekkine

    Mange hankynsord som endar på K eller G fær same bøygjing som bekk. Ord å merke som bekk: drykk, gjest, gong, kvist, lim (lem), rygg, saud, stad, vegg, vev og vin (venn).

    Med ljodbrigde

    • Mann — Mannen — Mennar — Mennane
    • Bonde — Bonden — Bøndar — Bøndane

    Ås (norrøne gudar) og son vert æsir og sønir i fleirtal.

    Hokynsord

    • Skål — Skåli — Skålir — Skåline
    • Hulder — Huldri — Huldrir — Huldrine
    • Elv — Elvi — Elvar — Elvane

    Dei fleste sterke hokynsord fylgjer same mynster som skål. Ord å merke som elv: gyger, helg, møy, sæter, vik, øks og øy.

    Med ljodbrigde

    • Hand — Handi — Hendar — Hendane
    • Gås — Gåsi — Gjæsar — Gjæsane
    • Bok — Boki — Bøkar — Bøkane
    • Mus — Musi — Mysar — Mysane

    Tonn heiter tennar/tennane i fleirtal, slik som: fonn, honk, stong. Olav Aukrust nytta hond fyri hand.

    • Tå — Tåi — Tær — Tærne
    • Klo — Kloi — Klør — Klørne
    • Ku — Kui — Kyr — Kyrne

    Linn bøygjing

    • Vise — Visa — Visur — Visune
    • Viku — Viko — Vikur — Vikune

    Som vise hev me: Gryte, hytte, kvinne, kråke. Som viku hev me: furu, hosu, stogu, selju.

    Inkjekynsord

    • Hus — Huse — Hus — Husi
    • Auga — Auga — Augo — Augo

    Som auga, hev me ogso: eista, hjarta, hyrna, nyra, nysta og øyra.

    Verb

    Segnordi endar i infinitiv anten på -a eller -e, dette svarer ganske godt til trønderske mynster, td: Å kaste, å vera. Vanlege ord som hev -a inkluderer: baka, byrja, draga, eta, fara, gjera, hava, koma, laga, lesa, liva, prata, sitja, skula, spyrja, taka, veva, vita. Dei fleste sterke verbi fær -i i presens perfektum, so i staden fyr har vore heiter det hev vori.

    Nokre unike verbformir

    MN hev — som eldre nynorsk elles — mange unike verbformir som no er borte. Ein nyttar hava/hev, gange/gjeng og stande/stend fyri ha(r), gå(r) og stå(r). So hev ein ogso fær og slær fyri får og slår. Presens perfektum: havt, gjengi, stadi, fengi, slegi. Imperativ gakk og statt fyr og slå.

    Adjektiv

    Positiv

    • Grøn — Grøn — Grønt — Grøne
    • Opin — Opi — Opi — Opne
    • Litin — Lita — Liti — Små

    Komparativ og superlativ

    • Grøn — Grønare — Grønast
    • Opin — Opnare — Opnare

    Med ljodbrigde

    • Lang — Lengre — Lengst
    • Låg — Lægre — Lægst
    • Stor — Større — Størst
    • Ung — Yngre — Yngst

    Andre ord

    Ordi føre, over og lenge skriv ein som fyri, yvi og lengi. Det heiter framleis etter og under.

    https://brakmakern.no/2023/12/25/korleis-skrive-nynorsk-som-ivar-matlaus/

    #Aktivisme #anarkisme #IvarMatlaus #IvarMortensonEgnund #IvarMortensonEgnund #linguistikk #Matlaus #Midlandsnormalen #SkeivtOpprør #språk #språkforskning #språknerd #språknerderi #trondheim

  3. -Lumi B.

    Frå argr i norrønt, til tvitole & båing i dialektene

    Vi har mange ord tradisjonelt for skeive, som i størst grad er regionale. Båing finn vi mest i Trøndelag, og sumstad kan ein finne ord som hørve eller kverke.

    Her er den endelege sjansen min til å kombinere skeivheit med dialekt!

    Kanskje du kjenner att nokre av desse ordi. Kanskje viss du leitar i ei dialektbok for dialekti der du kjem frå, so finn du noko. Eg gler meg til å taka ein titt i ulike dialektbøker sjølv! Kan allereie nemne eg har funni nokre ord hjå Aasen.

    Mange av desse ordi du kjem til å sjå, er ofte negativt lada, men dette kjenner vi no att den dag i dag. Ord som homo og lesbe, er nokre av dei mest brukte ordi for å mobbe og trakassere, dette ser vi jo attende til med frasa «jævla homo». Mange skjellsord er baserte på anten skeive uttrykk, eller ting som skal hinte til skeivheit, sånn som femi eller transe. Desse ordi har ofte skeivfobisk nytte.

    Men berre for at desse ordi vert nytta negativt, so tyder det ikkje at vi skal gjeva slipp på dei. Då let vi homofobien vinne, rett og slett. Homo og lesbisk er fine ord, som skildrar noko vakkert og kult å vera.

    Det same synest eg skal stemme med desse eldre, sernorske ordi. Å vera tvitole eller båing, skal vera noko vakkert og kult. Eg har ein liten draum om at desse ordi skal få nytt liv. Vi burde faktisk taka dei att, synest eg!

    Frå norrøna — Argr & seiðmaðr

    At ein har skeive element i kulturen, er noko vi kan sjå attende til so langt som Edda og lovverk frå eldre tider. Her finst det mange sogor som er ibuande skeive. Ord som refererer til det å vera skeiv er helder ikkje vanskelege å finne.

    Skeiv terminologi ser ein mykje av i Edda, på eit punkt vert Loke kalla for tvitole, dette i den norske versjonen, der han vart kalla for ragr på gamalislandsk. Dette kan alt vera eit tema for ein annan dag, for no skal eg sjå på dialektene. Ynskjer du å lære meir om skeivheit i Eddone, finst det ein interessant tekst om dette temaet i Skeivt Opprør Vol. 1.

    Tvitole og tvetulling

    Det finst utruleg mange variasjonar av ordet tvitole. Du finn desse ordi dessutan i ordboki; På nynorsk i form av tvitole, tvitoling, tvitusling og tvitutling, og bokmålsordboka ser ikkje ut til å ha teikn av desse ordi.

    Det vert alt for mykje å gå gjennom kor ein segjer kva av variasjonane til dette ordet. Dette tenkte eg i alle fall originalt då eg byrja på denne teksten. Du ser seinare korleis det gjekk. (Spoiler: Eg gjekk gjennom kor ein segjer kva.)

    Tvi- eller tve- tyder to (2). Tole kjem derimot av same roti som engelsk tool. Ein kan tolke dette som at å vera skeiv, er noko ibuande to-kjønna, til eit punkt der ein like so godt kan ha to «verktøy» mellom beini. Før tenkte ein at å vera skeiv, innebar at ein var ibuande to-kjønna. Ein var ikkje berre eitt kjønn på det punktet. Ordet vart openbart ogso då nytta om interkjønna personar.

    Forståing av det å vera samkjær, eller skeiv generelt, har jo endra seg med tidene. Ord som lesbisk og bifil har jo endra tydning på berre nokre få tiår, og -fili tok over for -seksualitet i Norig. Våre forståingar av kjønn og seksualitet, og ordi vi nyttar for dette, endrar seg jo heile tidi. Bifil tyder ikkje det same som det gjorde på 80-talet.

    Ordi om oss tek ofte ganske negative tydningar. Tvitole vert ofte nytta negativt, ikkje berre for å tyde skeiv. Det kan peike til dissonans, at ein er ein tulling, at ein ikkje dug til noko. At ein har denne assosiasjonen med alle som bryt med kjønn- og seksualitetsnormer, segjer jo ein del om haldningane folk har hatt (og sjølvsagt enno har) til skeive.

    Å brjote med desse normene er det same som å vera eit inkompetent eller rart menneske i folk sine augo. Då tenkjer eg det kan vera fint å gjera desse ordi til noko positivt. Å vera skeiv er ikkje noko gali, og er noko fint og positivt, so eg tenkjer at vi burde taka att desse ordi, og gjera dei til noko fint og positivt.

    Vi har mykje å hente frå dialektene, og mange variasjonar. Kjært barn har mange namn! Vi har mange variasjonar av dette ordet, vi har: tvitole, tvitugle, tvitulling, tvitusle, tvitylt, tvitøling.

    Om du skulde lure kva variasjon ein tradisjonelt segjer i regionen der du kjem frå, so har eg nytta Norsk Ordbok til mi beste evne for å skapa eit oversyn.

    Variasjonar av tvitole:

    • Tvitole Vest-Agder, Ringebu, Tinn.
    • Tvitoling Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal, Øvre Telemark, Sunnhordaland.
    • Tvitugle Sauherad.
    • Tvitull Øksendal, Øvre Gauldal, Meråker.
    • Tvitulle Os i Østerdalen, Kvinnherad.
    • Tvitulling veldig utbreitt, Sør-Austlandet, Hordaland, Nord-Norig.
    • Tvitusl Nordre-Gudbrandsdalen, Nordmøre, Stjørdalen, Kolvereid.
    • Tvitusle i hovudsak Sørlandet og Sør-Vestlandet, og Stjørdal og Kolvereid.
    • Tvitusling veldig utbreitt, Sørlandet, Rogaland, Frøya, Troms.
    • Tvitylt Hegra i Stjørdal
    • Tvitytling Voss
    • Tvitøle Nord-Gudbrandsdalen, Fron, litt Sør-Vestlandet.
    • Tvitøling Frosta.

    Båing i Trøndelag / Midt-Norig

    Til og med Ivar Aasen hadde notert seg ordet i Norsk Ordbog (1873), i form av Baading, men ordet er dokumentert mange plassar rundt omkring i Trøndelag og nære strøk, her i form av: båing, boing og boeng. Ivar Aasen noterte at ein segjer “baa’ing” i Orkdalen/Gauldalen.

    Ordet kjem då frå både (báðir), altso båe/begge eller to/fleire. Det er altso nokon eller noko som er både av fleire ting. Altso ein tvitoling, som har både element av det maskuline og feminine, hankjønn og hokjønn.

    Samtidig, so hadde ein jo tankar før i tidi, at om du har samkjære kjenslor, so må det vera at du har to kjønn. Skulde ein vera ein mann, og ein liker menn, so er det eit kvinneleg trekk. Altso, so er du på eit vis både kjønn, ein båd-ing.

    Gjertru: Magisk, trøndersk båing på 1500-talet?

    Båing er eit gamalt konsept i Trøndelag. Ein kan gå attende heilt til 1500-talet, der det var ei soge om eit menneske som budde i det som i dag er Midtre-Gauldal. Det kom eit mystisk menneske over fjellet ein dag. Hen hadde med seg inkje anna enn ein skinnsekk. Hen hadde ordna seg eit hol i bakken, og med tidi bygd eit hus. Hen dreiv med ei smide, og vart kalla for Spikar-Jartru. Sjølv når hen var på ferde, so smalt det i ambolten i smida. Dette var tussone som hjelpte til. Det skal verte sagt at Gjertru var boing og fekk mykje hjelp frå dei underjordiske.

    Eit kværkje er verken mann eller kvinne

    Dette ordet tyder ganske enkelt «korkje». Altso «verken». At eit menneske skal vera skeiv, nei, då er du verken mann eller kvinne. Dette er jo eigenleg noko vi enno ser i dag. Trans kvinnor vert ofte ikkje aksepterte som kvinnor, men vert aldri helder fult aksepterte som menn. Lesbor vert ofte ogso ofte sett på som mannlege, og er ofte ikkje heilt aksepterte blant kvinnor.

    Det inneber altso at ein skal forstå dette som at ein er verken mann eller kvinne, eller at noko eller nokon verken er maskulin eller feminin. Dette ordet, i alle fall i sin etymologi, kan vera samanliknbart med ordet «episcene», altso at noko er kjønnsnøytral.

    Litt sørlandsk variasjon

    Kverke er mest funne i Vest-Agder og delar av Dalane (Rogaland). Altso er dette eit meir sørlandsk ord, enn til dømes båing.

    Litt nordnorsk – Ei hørve eller å vera hørven

    Hørve finst det mange variasjonar av, både substantiv og adjektiv. Ei hørv, ei/eit hørve, eller ein hørving. Dette ordet finn ein mest av i Helgeland. Ei hørve er eit tvikjønna individ, eller det å vera tvikjønna. Det kjem av norrønt hverfa, som tyder å vende, og har faktisk samanheng med ordet verve. Du fær tolke denne etymologien som du vil.

    Ein kan tala både om ei hørve, eller om å ha hørve. Hørve er altso noko ein både er og har. I tillegg til dette, har vi ogso adjektivi hørven (hørve/hørvent, hørvne) og hørv.

    Senja skil seg ut

    Ein finn altso fleire former av dette ordet, i mange målføre, i nokso spreidde plassar. Men Senja skil seg litt ut frå resten. På Senja so finn ein formi hårva, her ogso adjektivet hårven. Hørv finn ein mest i Rana, men ogso elles i Helgeland, mens hørve er mest dokumentert i Sør-Helgeland. Både hørve og høvre finn ein i Luster i Indre Sogn.

    Frå hofmaðr til håmmånn

    Hovmann er enno eit ord som har vorti nytta til å indikere skeivheit. I si originale tydning, er det historisk ein tenar for ein konge eller hovding, og seinare vart det berre nokon som fylgjer ein stor mann. Dette ordet finst att frå norrøn tid, av hofmaðr.

    I Sogn og Fjordane, har ordet teki tydningi å referere til nokso uavhengig eller maktsjuk kvinne. Men nordover i landet, serleg i Kvikne (Tynset) og Meldal (Orkland) har det fengi ei meir skeiv tydning.

    I desse strøki er den mest vanlege uttala anten håmmånnj eller hommannj.

    Her finn ein hovmann i tydning av «kvinne el gjente som ter seg som ein kar, stor, gutevoren gjentunge», i fylgje Norsk Ordbok. Dette er kanskje det ein i dag ville ha kalla for ei gutejente, eller «tomboy» som ein ofte segjer på engelsk. Og ein finn fleire historiske kjeldor som viser til dette.

    «I åtte år batt ho hestar i band,

    liksom det var ein liten hommann»

    frå folkevise om Liti Kjersti stalldreng

    Tak attende desse ordi!

    Eg synest godt vi kan kjenne oss litt stolte i desse ordi, og faktisk taka dei attende. Dei er eit prov på at skeive alltid har eksistert. Berre faktumet at folk har lenge seti namn på oss, at heile landsdelar har ord for oss, viser at vi fanst.

    Men vi finst jo enno! Det faktumet i seg sjølv, synest eg vi burde taka vidare, at vi viser at vi enno finst, at vi er stolte og at vi har soge. Det finst mykje soge i ordi vi nyttar.

    Eg skal koma med mitt forslag:

    Vi burde ha ein dag der vi synleggjera alle ordi vi har, og kor vi kan prata om skeiv norsk soge. Eg synest sjølvsagt at det ogso då vert naturleg med eit flagg, for ekstra synleik av oss båingar! Kva tykkjer de, båingar, hørvor, hovmenn og kverke?

    https://brakmakern.no/2023/12/24/gamle-skeive-uttrykk/

    #dialekt #dialektforskning #gammelnorsk #Norrøn #norrønt #skeiv #skeiveUttrykk #SkeivtOpprør #skrivtSpråk #språk #språkforskning #språknerd #språknerderi #Trans #tritole